Milliardærfamilien Ugland

Mistenkjelege dødsfall, milliardar og bitter arvestrid. Les familien Uglands historie her.

Ugland-familien

Ugland-familien.

Foto: Grafikk: Kari Løberg Skår/NRK

Ugland Rederi vart grunnlagt i 1930 av, Johan Milmar Ugland. Dette var far til Johan Jørgen Ugland, som styrte rederiet inntil han døydde 28. mars i år. Johan Jørgen Ugland var gift med Liv Blom, som omkom i ei trafikkulykke i Spania i 1986.

Gifta seg med sekretæren

Tre år seinare gifta han seg på nytt med den 30 år yngre kvinna Ellen Ugland. Ho var tilsette som sekretær for Johan Jørgen Ugland.

I etterkant av dødsfallet til Johan Jørgen Ugland vart to av dei tre barna hans nærast gjort arvelause. Dottera Gerd fekk fem millionar kroner.

45 prosent av arva, som tilsvarar rundt 1,35 milliardar kroner gjekk til Ellen Ugland. Resten av pengane gjekk til sonesonen, Knut Nikolai Tønnevold Ugland.

Ellen Ugland sat som styremedlem i til saman 15 Ugland-selskap. Ho var ein av tre personar som har råderett over arva til Knut Nikolai Tønnevold Ugland fram til han er 35 år. Han er i dag 24.

Mistenkjeleg dødsfall

6. desember vart Ellen Ugland funne død i leiligheita si på Lysaker i Oslo. Først kom det fram at 57-åringen døydde av hjartestans. Men dagen etter fekk politiet nye opplysningar i saka, og dermed vart det sett i gang etterforsking. To dagar seinare kom meldinga om at dødsfallet vert etterforska som mistenkjeleg.

Ellen Ugland etterlet seg ei samla formue på rundt 1,3 milliardar kroner. Ein førebels obduksjonsrapport konkluderte med at dødsfallet er mistenkjeleg og Kripos vert kopla inn.

Dersom ho ikkje har skrive testement vil alle pengane hennar gå til niesa hennar, Ellen Dahl-Pedersen.