Hopp til innhold

- Naturleg Ugland-død

Politiet i Asker og Bærum konkluderer med at milliardæren Ellen Uglands dødsfall ikkje er resultat av ei straffbar handling.

Bilde av Ellen Ugland

Ellen Ugland (57) vart funnen død i leilegheita si i desember i fjor.

Foto: Thor Saltrøe / nrk

Ellen Uglands hjem

Bustaden til Ellen Ugland på Lysaker Brygge.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix
Ellen Uglands begravelse

Gravferda til ELlen Ugland fann stad i Fjære kyrkje i Grimstad i desember i fjor.

Foto: Asbjørn Odd Berge

I ei pressemelding opplyser politiet at dei no har avslutta etterforskinga av dødsfallet.

Ellen Ugland vart funnen død i sin eigen bustad på Lysaker Brygge den 6.desember i fjor. Det var ektemannen til niesa som fann Ugland.

Ho vart 57 år gammal og var enkja etter Johan Jørgen Ugland.

Etterforska som mistenkjeleg

Det skal ikkje ha vore teikn til vald, men politiet har etterforska dødsfallet som mistenkjeleg.

Ein førebels obduksjonsrapport, som vart lagd fram i januar, konkluderte med at Ugland døydde av oksygenmangel grunna stengde luftvegar. Ettersom rapporten ikkje kunne slå fast dødsårsaka, sette politiet i gang etterforsking av saka.

Politiet i Asker og Bærum konkluderer no med at milliardæren Ellen Uglands dødsfall ikke er resultat av en straffbar handling.

Det har ikkje vore nokon sikta eller mistenkte i saka, ifølgje NTB.

«Storm i vassglas»

Ektemannen og skipsreiaren Johan Jørgen Ugland døydde i ein alder av 88 år. Han vart funnen død i badekaret i heimen sin i Grimstad i mars i fjor, åtte månader før kona.

Etter Ellen Uglands død har den 23 år gamle dottersonen til den avdøde ektemannen arva alle aksjane i J.J Ugland-selskapa.

Skipsreiaren sine tre søner frå første ekteskap blei gjort arvelause. Den eine av dei, Lars T. Ugland, har tidlegare uttalt spekulasjonane kring dødsfallet til stemora som «storm i eit vassglas».

– Eg trur absolutt ikkje det er noko kriminelt ved dødsfallet. Det skal bli svært interessant å sjå om politiet finn noko i tida som kjem, sa reiarsonen til VG i desember i fjor.

AKTUELT NÅ