Hopp til innhold

Fleire kan ha sett bjørn i hyttefelt

Fem venninner på hyttetur på Brokke i Setesdal er sikre på at dei såg ein bjørn med to ungar i hyttefeltet Furestøyl torsdag. Fredag ettermiddag har politiet fått ei ny melding om at turistar skal ha høyrt bjørnelydar.

– Vi sat berre i sofaen og såg ut av vindauget, og så såg Helene nokon uvanlege, store svarte prikkar over fjellet, seier Martine Finnestad frå hytta på Brokke.

Det var Agderposten som først skreiv om saka.

En jentegjeng på hyttetur tok bilder av det de meiner er bjørn i Brokke i Setesdal torsdag.

Ei jentegjeng på hyttetur tok bilete av det de meiner er bjørn i Brokke i Setesdal torsdag.

Foto: Privat

Martine Finnestad er på Brokke med venninnene Pernille Gunnersen, Emma Wiig, Sigrid Gunnarsli og Helene Mosvold.

– Etter kvart køyrde vi nærmare for å sjå kva det var, og da så vi ganske tydeleg i kikkerten at det var bjørn.

Fredag ettermiddag har politiet også fått melding frå tyskarar på tur nord for Løefjell på som skal ha høyrt dyrelydar, ikkje langt frå der jentene skal ha filma det dei så.

Tyskarane frykta det kunne vere bjørn.

Viltnmeda er på veg til staden for å undersøkje om det er spr etter bjørn.

– Ikkje ku eller jerv

Jentene trudde først det måtte vere ei ku dei såg, men så skjønte dei at det kunne det ikkje vere.

Denne jentegjengen er sikre på at det var en bjørn med to unger de såg i Brokke i Setesdal torsdag kveld. Pernille Gunnersen, Emma Wiig, Sigrid Gunnarsli, Helene Mosvold og Martine Finnestad.

Denne jentegjengen er sikre på at det var bjørn dei såg i Brokke torsdag kveld.

Foto: Privat

– Ut frå det vi såg, så er vi sikre på at det var bjørn, seier Finnestad.

– Vi har jo sett ku før, og vi veit at det er mykje jerv her oppe, men vi er ikkje i tvil om at det ikkje var ku eller jerv, legg ho til.

Ser etter spor

Eit søk på internett, viste jentene at det har vore bjørn i Brokke tidlegare.

– I 2011, men vi veit jo at det er uvanleg her oppe. Det var derfor vi syntest det var litt sjukt, seier Finnestad, som alt i alt syntest dei har vore heldige som har sett bjørn.

Lokal rovviltkontakt Tom Olav Trydal i Setesdal, var fredag formiddag på plassen der kor jentene meiner de såg bjørnen.

Det er rett sør for Sitåsen hyttefelt.

– Eg har tatt ein runde for å sjå etter moglege spor, men har ikkje funne nokon. Det er ikkje lett å finne spor på sommaren, på barmark og i lyng. Eg har heller ikkje funnet møkk, seier Trydal.

Rovviltkontakt i Setesdal

Tom Olav Trydal er rovviltkontakt i både Bykle, Valle og Bygland og vil no sjekke om det finst spor etter ein eventuell bjørn.

Foto: Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %