Tysdag kveld klokka 19:37 fekk politiet melding om eit dødsfall i ein bustad i Sirdal kommune. Personen som blei funne død er ein mann i 20-åra.
Politiet etterforskar dødsfallet som mistenkjeleg. Ingen personar er sikta eller mistenkte for dødsfallet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKSikta for truslar
Politiet etterforskar dødsfallet som mistenkjeleg.
Onsdag ettermiddag har politiet sikta ein person for truslar på adressa der hendinga skjedde.
Vedkommande er ikkje sikta for å ha noko med dødsfallet å gjere.
– Den arresterte er sikta for truslar mot ein annan person på staden der det mistenkjelege dødsfallet skal ha skjedd. Politiet ser hendinga som relevant i etterforskinga av dødsfallet, seier leiar for personseksjonen ved felles etterretnings- og etterforskingseining Øyvind Dahl i Sør-Vest politidistrikt.
– Opplysningar som har kome fram etter kvart gjer at me etterforskar dette som eit mistenkeleg dødsfall, sa politiadvokat Erik Engløkk til NRK torsdag formiddag.
Leiar for personseksjonen ved felles etterretnings- og etterforskingseining Øyvind Dahl i Sør-Vest politidistrikt.
Foto: PolitietVil bli obdusert
Politiet vil halde fram etterforskinga ut over ettermiddagen og kvelden.
– Vi planlegg obduksjon av avdøde i morgon, seier Dahl.