Hopp til innhold

Breivik om Lunde: – Kan bli ein utmerkt trenar

Tidlegare landslagssjef Marit Breivik trur Kristine Lunde Borgersen har det som skal til for å lukkast som topptrenar.

Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

Kristine Lunde Borgersen i samtale med sportsleg leiar i Vipers, Peder Langfeldt, før trenardebuten mot Krim laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Slik eg kjenner Kristine som spelar med god handballfagleg innsikt, taktisk sterk og med vinnarinstinkt, har eg stor tru på at ho kan utvikle seg til å bli ein utmerkt trenar, seier Breivik til NRK.

Marit Breivik (T.V) sammen med Karoline Dyhre Breivang (T.H)

Marit Breivik som landslagssjef under VM i Frankrike i 2007. Breivik leia Norge til sølv.

Foto: CHARLES PLATIAU / SCANPIX

Ho veit betre enn dei fleste kva ho snakkar om.

Marit Breivik vann 13 meisterskapsmedaljar i EM, VM og OL som sjef for handballjentene.

Vurderer trenarkarriere

Laurdag kveld fekk ein av hennar tidlegare elevar debuten som trenar.

Kristine Lunde Borgersen steppa inn som hovudtrenar i Vipers Kristiansand då Gunnar Pettersen vart sjukmeld på ubestemt tid dagen før europacupkampen mot Krim.

Sørlendingane vann kampen 29–27 etter å ha ligge under med seks mål halvvegs i første omgang.

Dermed har dei to mål å gå på før returmøtet i Slovenia om ei veke.

– Dette gjer meirsmak. Det kom litt plutseleg, men det er kanskje den vegen eg vil etter kvart, sa Lunde til NRK etter kampen laurdag.

Vipers - Krim

Kristine Lunde Borgersen jublar for scoring under kampen mot Krim Ljubljana i Kristiansand laurdag.

Foto: Anne Wirsching/NRK

– Kjempeviktig erfaring

Som spelar vann 35-åringen både EM-, VM- og OL-gull med landslaget. I tillegg vann ho Meisterligaen med Viborg to gonger.

Under EM i 2008 vart ho også kåra til EMs beste playmaker og mest verdfulle spelar.

– Det er veldig moro om ho finn motivasjon til å satse på trenaryrket. Vi treng trenarar som sjølv har vore aktiv heilt i verdstoppen. Det er kjempeviktig erfaring å ta med seg inn i leiarskapet, seier Breivik.

Uvisst om Pettersen kjem tilbake

Denne sesongen har Lunde Borgersen vore assistenttrenar under Gunnar Pettersen i Vipers Kristiansand.

Det er framleis uvisst om Pettersen kjem tilbake.

Pettersen

Gunnar Pettersen er sjukmeld på ubestemt tid frå jobben som hovudtrenar i Vipers Kristiansand.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Vi får ta dette som det kjem. Men vi må sette oss ned og prate når vi veit meir, seier dagleg leiar i Vipers Terje Marcussen på spørsmål om Lunde er aktuell som trenar ut sesongen om Pettersen ikkje kjem tilbake.

– Eg er sikker på at Kristine vil klare jobben med glans, seier Marcussen.

– Får sjå kva som skjer

Lunde Borgersen har ikkje konkludert med kva ho vil svare om spørsmålet kjem.

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Vi får sjå kva som skjer, seier Lunde.

Den tidlegare landslagsprofilen skal uansett halde fram som assistenttrenar i Vipers neste sesong.

Då tek Glassverket-trenar Kenneth Gabrielsen over som hovudtrenar i den hardtsatsande eliteserieklubben.

Sjå intervju med Kristine Lunde Borgersen etter trenardebuten mot Krim Ljubljana.

VIDEO: Sjå intervju med Kristine Lunde Borgersen etter trenardebuten mot Krim.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,61 kr
Dyrest kl. 23 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %