Lunde-comeback i handballdrama

Sjå månader etter fødsel er Kristine Lunde-Borgersen tilbake på handballbana. Søndag kveld var ho sentral då Vipers Kristiansand slo Flint Tønsberg 19-18 i ein dramatisk kamp i Kristiansand.

Kristine Lunde-Borgersen

GOD: Kristine Lunde-Borgersen spelte ein god kamp spesielt defensivt for Vipers Kristiansand i comebacket.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kristine Lunde-Borgersen, Vipers Kristiansand

TILBAKE: Kristine Lunde Borgersen scora eitt mål i comebacket etter fødsel.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det var spesielt å spele kamp igjen. Rett før vi skulle starte var det litt sånn «flashback», seier Lunde-Borgersen til NRK.no.

Søndag var 31-åringen tilbake i Karusshallen i Kristiansand etter sju år i utlandet. I februar fødte ho ein son. Sju månader seinare er ho på veg tilbake i toppform for Vipers Kristiansand i den norske eliteserien.

– Flaut å gå til pause

I sesongopninga mot Flint Tønsberg kom heimelaget særs skeivt ut. Anført av målvakt Emily Stang Sando hadde bortelaget Vipers i kne, og kunne gå til pause med ei 12-6-leiing. I andre omgang kom eit heilt «nytt» Vipers-lag på bana.

– Det var litt flaut å gå ut til pause. Vi ville så gjerne vise at vi kunne betre enn det vi gjorde i første omgang, og det gjorde vi, seier Lunde-Borgersen.

For i andre omgang vart kampen snudd på hovudet. Vipers-målvakt Silje Galdal tok alt og redda blant anna fire straffekast på rad.

– Eg stod berre å venta på fleire straffekast. Ho tok jo alt, ler Vipers-trenar Thomas Hørlyk etter sin første kamp heime i Karusshallen.

Vipers Kristiansand mot Flint Tønsberg

FORSVAR: Kristine Lunde-Borgersen og Maria Louise Hansen gir Flint-spelar Marianne Iversen juling.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sekunddrama

Kristiansandsklubben jobba seg sakte, men sikkert opp igjen, og tok leiinga 12 minutt før full tid då danske Louise Pedersen scora. På stillinga 18-18, eitt og eit

Sanne Bak-Pedersen, Vipers Kristiansand

AVGJORDE: Sanne Bak-Pedersen sende Karusshallen til himmels då ho scora vinnarmålet få sekund før slutt.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Maria Louise Hansen

GOD DEBUT: Maria Louise Hansen scora fire mål i debuten for Vipers Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Thomas Hørlyk, Vipers Kristiansand

NØGD: Trenar Thomas Hørlyk var godt nøgd med andre omgangen mot Flint. Onsdag står Byåsen på motsett banehalvdel i Trondheim.

Foto: Sander Heggheim/NRK

halvt minutt før full tid, tok heimelaget time-out. Rosatrøyene la slagplanen for korleis dei skulle få med seg alle poenga.

15 sekund før full tid fall avgjerda då danske Sanne Bak-Pedersen klarte å lure Flint-keeperen frå venstrekanten. Karusshallen eksploderte og Vipers tok med seg to viktige poeng i serieopninga.

– Eg var ikkje heilt sikker på kor lenge det var att, så eg sprang det eg kunne «heimover». Eg fekk litt sjokk då eg kom tilbake og såg at det berre var få sekund att. Det er ein herleg måte å vinne på. Vi kjempa oss til siger, seier Bak Pedersen som scora fire mål i Vipers-debuten.

– Vi spelte ein elendig første omgang. Ting fungerte mykje betre i andre omgang. Då var vi gode, seier Bak Pedersen.

– Verste eg har gjort

Fjorårets Vipers-trenar Peder Langfeldt var nervøs i sluttsekunda.

– Det var heilt forjævlig å sitje på tribunen. Det er det verste eg har gjort etter å ha vore på indre bane dei siste 20 åra. Det var heilt forferdeleg, men ufatteleg kjekt når det gjekk bra, seier Langfeldt, som no er sportsleg leiar i klubben.

– Er det verre å sitje på tribunen enn å sitje på benken?

– Ja, det er mykje verre. Det var heilt forferdeleg å vere på tribunen. Eg har så nervar og alt gjekk trill rundt her, seier Langfeldt.

Han er imponert over måten Kristine Lunde-Borgersen tok ansvar på, trass i at ho berre scora eitt mål.

Vil slå Byåsen

– Det er lett å la seg lure av det. Men ho spelar dei andre gode heile tida og trekkje til seg merksemd og er heilt avgjerande. Det er jo heilt stengt i midten der når ho og Birgit van Os står der i andre omgang, seier han.

Også trenar Thomas Hørlyk var nøgd med Lunde-Borgersen sin innsats.

– Ho står godt spesielt i forsvar. Offensivt har ho meir å gå på, men ho er viktig for oss, seier han.

Onsdag ventar Byåsen på bortebane for Vipers Kristiansand.

– Det er klart vi kan ta dei. Å vinne ein kamp på denne måten gjev sjølvtillit, seier trenaren.

Silje Galdal, Vipers Kristiansand

GOD: Målvakt Silje Galdal stod ein kjempekamp for Vipers Kristiansand då ho kom inn i andre omgang.

Foto: Sander Heggheim/NRK