NRK Meny
Normal

Larvik slo tilbake etter sjokktap

LARVIK (NRK): Larvik slo tilbake mot Vipers Kristiansand i semifinalen i sluttspelet etter sjokktapet søndag. Men vestfoldingane vann «berre» med sju mål samanlagt.

Gro Hammerseng-Edin

Gro Hammerseng-Edin jublar for scoring.

Foto: Leif Dalen / NRK

Larvik skårer mot Vipers

Gro Hammerseng-Edin puttar ballen i mål bak Vipers-målvakt Sakura Hauge.

Foto: Leif Dalen / NRK
Larviksupportere

1520 tilskodarar såg kampen i Arena Larvik.

Foto: Leif Dalen / NRK

Det var elleville jubelscener i Aquarama etter at Vipers sensasjonelt slo Larvik 31-25 søndag.

I returoppgjeret tysdag kveld brukte vestfoldingane berre 19 minutt på å hente inn forspranget på seks mål frå den første kampen.

Men Nora Mørk, Anja Hammerseng Edin og Linn Kristin Riegelhuth Koren leika seg til tider med eit tamt Vipers-lag i første omgang.

God generalprøve

Larvik-laget som tapte i Kristiansand var nærast ikkje til å kjenne igjen på heimebane. Dei tetta igjen forsvaret og nekta Vipers-jentene scoring.

Dermed fekk dei ei god generalprøve føre semifinalen i Meisterligaen mot russiske Dinamo-Sinara førstkommande laurdag.

Også sørlendingane var ein skugge av seg sjølv samanlikna med innsatsen dei la ned i den første semifinalen.

Klar for finale

Nora Mørk herja med Vipers-forsvaret gjennom heile første omgang. Eit desperat forsøk på å stoppe kantspelaren med frimerke var nyttelaust. Stillinga var 21-7 til heimelaget til pause.

I andre omgang kom gjestene frå Kristiansand meir med i kampen. Sørlendingane vann faktisk andre omgang 11-10. Sørlendingane tapte til slutt med sju mål over to kampar.

Serie- og cupmeister Larvik vann til slutt kampen 31-18 og er dermed klar for finale i sluttspelet. Der møter dei anten Glassverket eller Byåsen.

Gå til forsiden

Larvik slo Vipers Kristiansand

Vipers-trener Gunnar Pettersen i håndballkampen mellom Larvik og Viper

Larvik slo Vipers Kristiansand

7 bilder