Hopp til innhold

Lada opp til gullkamp på jobb

Trass i at dei kjempar om seriegull måtte ØIF Arendal-spelarane møte på jobb som vanleg tysdag.

Spelarane i ØIF Arendal må ha full jobb i tillegg til spel i eliteserien. Onsdag kan draumen om seriegull bli verkeleg.

VIDEO: Sjå korleis to av ØIF-spelarane brukte dagen før serieavslutninga i handball.

– Eg trur det er både positive og negative sider ved å jobbe fullt ved sidan av handballen. Det gjer at vi kan fokusere på noko anna enn handball også, seier strekspelar Tobias Gjertsen.

Tobias Gjertsen

Tobias Gjertsen er spent før serieavslutninga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

NRK var med køyreskulelæraren på jobb tysdag føremiddag. Det er dagen før det blir klart om ØIF vinn serien.

Gjertsen vedgår at gulltankane streifar han hyppig også på jobb.

– Eg kjenner det absolutt. Eg slit litt med å få sove om kvelden då eg ligg og tenker på kampen. Eg ser føre meg ulike scenario om korleis kampen kjem til å gå, seier Gjertsen.

Lange dagar

Ein vanleg dag for Gjertsen startar på jobb tidleg om morgonen. Etter jobb er det rett på trening. Av og til er det tilbake på jobb etter trening.

– Vi blir jo ekstra slitne når vi går fulle dagar på jobb, så sjølvsagt er det nokre ulemper med det, seier Gjertsen.

Magnus Jøndal har etablert seg på det norske landslaget. Men livet som toppspelar i Norge er ikkje så veldig glamorøst.

Også han må jobbe ved sidan av handballen. Gymlæraren har tru på at ØIF slår Runar på bortebane og tek seriegull.

– Eg håpar og trur vi kan klare å heve oss og at vi kan dra i land ein grei siger. Det kan fort bli ein tøff og jamn kamp heile vegen, seier Jøndal.

Magnus Jøndal

Magnus Jøndal prøvar å få opp volleyballnettet i gymtimen i Frolandia.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Store kontrastar

Nesten alle spelarane i ØIF Arendal studerer eller jobbar ved sidan av. Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen er imponert over innsatsen til spelarane.

– Dei legg ned vanvittig mykje tid og har ikkje mykje fritid når ein ser på alt dei har å gjere, seier Michelsen.

Kontrastane er store til dei fleste fotballklubbane på toppnivå i Norge. Der er dei aller fleste toppidrettsutøvarar på heiltid.

– Vi skulle sjølvsagt hatt det som i fotballen, men slik er det i handballen. Vi må jobbe for pengane, seier Gjertsen.

Arendalittane toppar tabellen før bortemøtet med Runar. ØIF er to poeng føre Bodø. Det betyr at sørlendingane vinn eliteserien med poeng i sin siste kamp.

Per Carsten Michelsen og Rune Jacobsen

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen og dagleg leiar Rune Jacobsen tek fram cupfinaleskjerfet. ØIF vann cupfinalen i desember.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,61 kr
Dyrest kl. 23 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %