Hopp til innhold

Nytt telefonnummer til sjukehuset: – Rammar dei med minst pengar

Tor Horverak vart overraska då han såg kva det kosta å ringe Sørlandet sykehus. Det nye femsifra nummeret er dyrare å ringe enn det gamle.

Nytt nummer på sjukehuset

Nytt femsifra nummer til sjukehuset skapar reaksjonar på grunn av at det er dyrare enn det gamle å ringe til.

Foto: Skjermdump sshf.no

– Har du eit vanleg abonnement kostar det to kroner minuttet. Har du kontantkort kostar det tre kroner minuttet hos mange selskap, seier Horverak til NRK.

– Det er stort sett dei som har minst pengar som må bruke kontantkort, seier han.

Stadig fleire institusjonar og bedrifter går no over til enkle femsifra telefonnummer. Desse nummera kan vere dyrare å ringe til. Det er tilfelle på Sørlandet sykehus etter at dei fekk nytt nummer.

Fordelar med nytt system

Horverak meiner dette går utover dei svakaste gruppene i samfunnet. Han reagerer på at sjukehuset har valt å ta i dette systemet.

– Har du eit kontantkort på 150 kroner og det går tre kroner i minuttet, så tek det ikkje lang tid å tømme det. Sjukehuset er noko alle har behov for. Hadde det vore eit privat firma, så kunne du ha valt å bruke eit anna firma, dersom det var naudsynt, seier han.

Jon Ove Berg som er assisterande driftsdirektør ved Sørlandet sykehus stadfestar at dei har fått reaksjonar etter omlegginga til det nye nummeret.

– Vi har fått nokre få tilbakemeldingar. For kring eitt år sidan hugsar eg at ein kar klaga på kostnaden ved dette, men det er absolutt unntaket, seier han.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther

Assisterande direktør i Post- og teletilsynet, Elisabeth Sørbøe Aarsæther.

Foto: PT

Ifølgje driftsdirektøren er målet med det korte nummeret å gi kortare ventetid for dei som ringer.

– Det er noko som store organisasjonar brukar. Spesielt for organisasjonar som har lokale spreidd utover geografien. Det gir moglegheit for at ein kan styre samtalane på ein kontrollert måte, seier han.

– Poenget er at du kan sjå belastinga ved fleire sentralbord og styre innkomne samtaler til der det er ledig. Det er ein funksjonalitet vi nyttar oss av, seier Berg.

Ber folk sjekke prisane

Post- og teletilsynet forstår dei som reagerer på at det kan vere dyrt å ringe til sjukehuset.

– Det er ikkje berre ergeleg, men også litt ille. Når ein ringjer ein stad ynskjer ein å komme fram. Hensikta med spesialnummer er at kundar og pasientar skal kome lettare fram fordi telefonnummera er lettare å hugse, seier assisterande direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther.

– Så er det slik at spesialnummera ikkje har vanleg takstsystem. Prisane kan variere ut ifrå kva abonnement du har. Det er veldig viktig at du sjekkar kva det kostar å ringje spesialnummer hos kundeservice eller på heimesida til selskapet du kjøper abonnement hos, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %