Hopp til innhold

Krise for rådyrbestanden

Den tøffe vinteren har skapt kritisk situasjon for rådyrbestanden i fleire kommunar.

Rådyr

SLIT: Rådyra slit etter ein tøff vinter. Berre i Froland har nær 15 rådyr blitt avliva dei siste 14 dagane på grunn av skader.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

I løpet av 14 dagar har nærare 15 rådyr blitt avliva berre i Froland på grunn av skader.

– Rådyra er særs avmagra og slit både med mat og almenntilstand, seier leiar av viltnemda i Froland, Øyvin Froland til NRK.

Avmagra

Dei er avmagra og utsulta. Tynne bein i snø har gitt dårlege odds for rådyrbestanden i mange sørlandskommunar i vinter.

– Etter så mange rådyr vi har måtte felle her i bygda er det ein krisesituasjon. Førre måndag var det vel fire som gjekk med, og det har vore eitt dagleg etter det, seier han.

No fryktar han den såkalla vårknipa, når fettreservane er brukt opp og den begrensa matmengda er ete opp. Situasjonen er kritisk også i Grimstad, Arendal og Tvedestrand. Froland har vore leiar i viltnemnda sidan 1982, men har aldri opplevd noko liknande.

Bandtvang

– Dei slit med å finne mat. Høg snø og kalde netter gjer at dei brukar opp energien på matleiting. Eg har aldri opplevd maken, seier han.

Koppen

Fleire kommunar har innført ekstraordinær bandtvang på grunn av den djupe snøen. Dei som ikkje rettar seg etter det vil kunne få problem.

– Er det hundar som er lause, vil den bli prøvd kalla inn og levert tilbake til eigar. Dersom den ikkje kjem inn når vi kallar på den og hunden framleis jagar hjortevilt, vil den bli skoten av politiet, viltnemnda eller grunneigar, seier Froland.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %