Hopp til innhold

KrF vil ha pornofilter på mobilen

– Pornografi er ikkje noko ein 9-åring skal sjå på. Difor meiner eg at dette er ein god måte å hjelpe foreldra på, seier stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad frå KrF i Aust-Agder.

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad meiner det er behov for pornofilter på mobil og nettbrett.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Det var under KrF sitt landsmøte i Trondheim i helga pornofilteret vart teke opp.

Partiet vil pålegge alle mobiloperatørar og nettleverandørar å tilby filter som sperrar pornografi utan ekstra kostnad.

Mange barn ser porno

– Dette er enkelt å få til og eit praktisk og effektivt forslag. Dette kan vere til stor hjelp for foreldre, seier Ropstad.

Stortingspolitikaren viser mellom anna til ei EU-undersøking som viser at langt fleire norske barn har sett nettporno, dersom ein samanliknar med jamaldringar i europeiske land.

– Dette viser at det er eit behov for dette. Vi må ha gode løysingar som gjer det enkelt for foreldre å bruke eit slikt filter, seier Ropstad.

– Etter kvart som barna blir eldre er det sikkert mogleg å unngå sperrene. Ingenting er sikkert, men det vil i alle fall vere til stor hjelp, meiner KrF-politikaren.

– Eg kjem til å ta dette opp i Stortinget, seier Ropstad.

Positive til forslaget

Ifølgje avisa har både Telenor og Netcom allereie filter som kan hindre nedlasting av barnepornografi.

Barnevakten er glad for KrF sitt forslag.

– Eg tykkjer det høyrest ut som eit godt initiativ at det skal tilretteleggjast og gjerast enkelt for foreldra som ynskjer meir styring på kva som skal vere tilgjengeleg via smarttelefon og nettbrett, seier rådgjevar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen til VG.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %