Frå neste år skal mellomstore og store selskap ha minst 40 prosent kjønnsbalanse i styret.
Det blei klart da næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) presenterte lovforslaget til regjeringa om kjønnsbalanse i styre i norske føretak måndag.
– For å auke verdiskapinga og lykkast med omstillinga må vi ta alle ressursane i samfunnet i bruk. Derfor er NHO, LO og regjeringa samde om at vi skal innføre reglar om 40 prosent av kvart kjønn i styra i mellomstore og store selskap, seier Vestre.
I dag er det slike krav i allmennaksjeselskap (ASA) og i dei fleste offentleg eigde selskap.
Agder dårlegast i landet
Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå er Agder den landsdelen med størst del menn i styre. Heile 82 prosent av styrerepresentantane i aksjeselskapa er menn, satte avisa Fædrelandsvennen fokus på tidligere i år.
Berre fire av dei 30 største privateigde selskapa på Sørlandet har kvinneleg styreleiar, kom frem i undersøkinga til Fædrelandsvennen, og fleire av styra består ifølgje avisa eine og åleine av menn.
Leder Åsta Lovise Håverstad Einstabland ved Senter for likestilling meiner tiltaket frå regjeringa er spesielt viktig for landsdelen.
– Det er veldig gledeleg med tanke på at vi har eit mannstungt næringsliv her i Agder. Gjennomføringa av dette forslaget gjer at vi i mykje større grad får tatt i bruk kvinners utdanning og kompetanse. Så dette er ein god nyheit som handlar om verdiskaping og samfunnet som heilskap.
Pisk framfor gulrot
– Nokon ganger må ein bruke «pisk» framfor gulrot for å få til ei endring, og utviklinga dei siste åra har gått for tregt.
Det seier Ingrid Michalsen, leder for strategi og utvikling i Næringsforeningen i Kristiansandsregionen.
Ho meiner kjønnsbalansen i styrerommene omtrent har stått på staden hvil.
– Ein høyrer også argument som at det ikkje er gøy for ei kvinne å vite at ho er kvotert inn. Men dette handlar ikkje om å rekruttere inn ukvalifiserte kvinner. Det handlar om at styrene og bedriftene må tenke kjønnsbalanse i sammensetningen i styrerommet.
– Trist at det er behov
Glencore-styreleiar Jorunn Gislefoss har lang fartstid som leiar i prosessindustrien på Sørlandet og frå diverse styre.
Ho synest det er trist at det er behov for eit slik tiltak.
– Eg tenker at det er trist at vi som samfunn ikkje har kommen lenger enn at det er behov for eit slikt krav frå regjeringa. Samstudens viser vel statistikken at vi ikkje har klart å komme langt nok utan dette kravet, skriv Gislefoss til NRK.
Endring neste år
Både LO og NHO stiller seg bak forslaget, som vart sendt på høyring før jul i fjor.
Om lag 8.200 selskap vil omfattast av endringa allereie neste år, og ved full implementering i 2028 vil det gjelde vel 20.000 selskap, seier næringsministeren på ein pressekonferanse måndag.
– Noreg blir det første landet i verda som tek dette steget. Det synest eg vi skal vere stolte av, seier han.