NRK Meny
Normal

Kraftig vind og snø skapar problem

Meteorologane åtvarar mot mykje østavind og regn i Agder-fylka. På fjellovergangane er det vanskelege køyreforhold grunna kraftig vind og snø.

Fjellovergang på Haukeli

Meteorologane oppfordrar til forsiktig køyring på fjellovergangane.

Foto: STATENS VEGVESEN

Snøen har meldt sin framkomst i Agder. Til trass for at Kong Vinter ikkje har slått ut for fult, skapar det problem. Meteorologane åtvarar mot vanskelege køyreforhold på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg i dag. Dei har sendt ut OBS-varsel for Agder-fylka, Telemark, Buskerud, Rogaland og Hordaland.

– Mykje østavind og regn

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl fortel at det allereie bles kraftig fleire stader i Agder.

– Det er mykje vind på kysten, og dei mest utsette stadene lengst vest på kysten kan det nærme seg liten storm. Elles vil det ligge på austleg sterk kuling i Vest-Agder, medan i Aust-Agder er det liten til stiv kuling for det meste.

Nedbør som snø over 800 meter

Når ein kjem over 800 meter vil nedbøren kome som snø, noko som gjer køyreforholda vanskelegare. Maskinførar Bjørn Olav Nedrebø tilbring arbeidsdagen i ei gravemaskin, og fortel at snøen legg seg på Bjåen mellom Hovden og Haukeli.

– Det byrjar å leggje seg på bakken, så det er ikkje det trivelegaste arbeidsværet for å seie det sånn.

Bjåen

Snøen som har kome på Bjåen mellom Hovden og Haukeli har lagt seg.

Foto: Bjørn Olav Nedrebø

Oppfordrar til dekkskifte

Statens vegvesen oppfordrar folk til å skifte til vinterdekk. Til trass for at det ikkje kjem mykje nedbør, kan det bli glatt nokre stader.

  • E-134 Haukelifjell: Snødekke og snøslaps, fare for glatte parti. Klokka 05:45 var det -1 grad, stiv kuling og snø.
  • RV 52 Hemsedalsfjellet: Stort sett bart og vått, fare for glatte parti. Klokka 05:55 var det -2 grader, frisk bris og opphaldsvêr.
  • RV 7 Hardangervidda: Vekslende bart og snøslaps. Klokka 05:30 var det -3 grader, liten kuling og skyet.
  • Fv 50 Hol–Aurland i Buskerud: Bart og vått, somme stader fare for glatte parti. Klokka 05:55 var det 0 grader frisk bris og snøbyer.