Kraftig brann i næringsbygg i Arendal – fleire nabohus evakuerte

Tre bustadhus med om lag ti bebuarar vart evakuerte etter at det like etter midnatt braut ut brann i eit næringsbygg i Handverktunet i Arendal.

Brann Eydenavn

Brannmannskap frå Arendal, Froland og Tvedestrand kjempa i natt mot flammane i Trevaren i Eydenavn, men greidde ikkje sløkke. Dei satsa i staden på ein kontrollert nedbrenning.

Foto: Leif Dalen / NRK

Brannen vart meld klokka 00.13, og politiet fekk varsel om fleire smell frå brannen. Næringsbygget vart raskt overtent, og sløkkinga vart vanskeleg.

Det brann kraftig og lenge hadde ikkje brannfolka kontroll.

Ved totida sa operasjonsleiar Øyvind Hægeland i politiet i Agder til NTB at dei måtte satse på ei kontrollert nedbrenning.

Brann Eydehavn

Brannen i Trevaren i Eydehavn kan ha starta i ein flissilo før han spreidde seg til resten av næringsbygget og ein stor produksjonshall.

Foto: Leif Dalen / NRK

Starta i flissilo

110-sentralen i Agder melde på Twitter at brannen i trevareverkstaden kan ha starta i ein flissilo på enden av bygget, og brannen spreidde seg derfrå til produksjonslokalet som ligg i ein stor hall.

Like før klokka 1 varsla politiet at rundt 10 bebuarar i tre nabohus vart evakuerte fordi det fall mange gneistar ned i området.

Innsatsleder brann, Dag Svindseth, i Eydehavn i Arendal

Brannsjef Dag Svindseth i Austre Agder brannvesen seier sløkkinga var ekstremt krevjande.

Foto: Leif Dalen / NRK

Krevjande sløkking

Innsatsleiar for brannmannskapa, Dag Svindseth, seier til NRK at brannfolka frå Arendal fekk hjelp av mannskap frå Froland og Tvedestrand i sløkkinga.

– Det var ekstremt krevjande. Vi vart møtt av full fyr i verkstaden, og konsentrerte oss om å forsøke å redde storhallen. Men med så mykje trevarer vart det stor varme, og det spreidde seg raskt, fortel han til NRK.

Nabojenta Hanna Helene Haldorsen Hindrum ble evakuert fra brann i Eydehavn

Nabojenta Hanna Helene Haldorsen Hondrum vart evakuert i natt.

Foto: Leif Dalen / NRK

Dramatisk evakuering

Ei av dei evakuerte, Hanna Helene Haldorsen Hondrum, opplevde evakueringa som dramatisk.

– Eg vart vekt av pappa etter at politiet kom til huset vårt. Då såg eg brannen ut av vindauget, og vi måtte pakke og ta med hunden vår. Så sto eg ute og såg på brannfolka, fortel ho til NRK.

Ved tretida fekk bebuarane beskjed om at dei kunde vende heim att. Då meinte brannfolka at det ikkje lenger var fare for spreiing av brannen.

Brann i Eydehavn

GNEISTEREGN: Gneistar frå brannen i Trevaren gjorde at politiet evakuerte fleire nabohus i natt.

Foto: kenneth Skorstad