Hopp til innhold

Kraft vil ha fylkessamanslåing

Morten Kraft frå Arbeiderpartiet trur det er klokt å slå saman Agder-fylka.

Morten Kraft

SAMANSLÅING: Morten Kraft går for samanslåing av Agder-fylka.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Eg trur vel det er klokt at ein for framtida ser etter løysingar som gjer at dei to fylka kan finne saman på ein god måte, seier Morten Kraft til NRK.no.

I går vart det klart at Kraft står på femteplass på Aps si valliste i Arendal.

Reporter Svein Sundsdal

Kvalitetar

– Eg trur det er kvalitetar i begge leiarar som gjer at ein saman ikkje berre blir ein og to, men til tre, seier han om ei fylkessamanslåinga

– Men kva prosess og kva tidshorisont vi snakkar om er vanskeleg for meg å seie. Eg må få lov til å lese litt og setje meg inn i saker og ting før eg har bastante uttrykk, men over tid trur eg på dette, seier Kraft.

Kraft er tidlegare toppsjef i Sparebanken Sør, og fortel om eit brennende engasjement for lokalsamfunnet. Det er bakgrunnen for at han no går inn i politikken.

Engasjement

– Det er eit grunnleggjande engasjement for det samfunnet vi lever i. Eg har alltid vore eit samfunnsengasjert menneske, seier han.

– Eg voks opp i ein heim der sosialdemokratiske verdiar står på dagsorden. I tillegg har eg hatt ein jobb der det har vore umogleg å vere partipolitisk engasjert, men eg har også hatt ein jobb som har fulgt nøringsliv og utvikling av Sørlandet på tett hald, seier han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %