Hopp til innhold

Kommune lokkar med gratis bleier

Åmli vil gjere det dei kan for å lokke folk til kommunen. Politikar vil at kommunen skal ta i bruk nye verkemiddel for å få fleire familiar til Åmli.

Video Gratis bleier, for å få fleire barn til bygda

– Eg meiner dette er framtida for Åmli, nemleg barn. Difor har vi kalla konseptet up and go, seier kommunestyrerepresentant, Tore Konnestad (Ap) til NRK.no.

I dag har kommunen for få barnefødslar til å halde folketalet oppe. Det vert kun fødd 15 ungar i året i kommunen.

– Dette er seriøst meint. Eg trur det er eit håndslag til dei som allereie har produsert barn her, og ikkje minst dei som i framtida kan tenkje seg å setje barn til verda i kommunen. Vi ynskjer sjølvsagt fleire barnefamiliar til kommunen, seier han.

Vil snu trenden

Arbeiderparti-politikaren meiner gratis bleier og gratis barnevogn er det som skal til for å snu trenden og få opp folketalet. Han har fått mange gode tilbakemeldingar på forslaget.

– Det har nesten teke heilt av. Eg tippar eg har fått mellom 40 og 50 telefonar. I tillegg har eg fått mellom 70 og 90 meldingar på mobilen, seier han.

Også foreldre i Åmli trur bleiegåva kan bety noko.

– Ja, vi brukar mykje pengar på bleier. I alle fall når vi blir to, seier Rakel Birkelid Søraker.

Gratis bleier vil koste drøye 160 000 kroner i året for kommunen og skal også bidra til å støtte dei lokale matbutikkane.

– Kan hjelpe

– Eg trur ikkje gratis bleier aleine vil få folk til Åmli, men det kan nok hjelpe, seier Vanja Liane.

– Kva trur du vil hjelpe mest?

– Jobb, ein stad å bu. Akkurat det har vi ikkje flust av her i Åmli. Så det er nok noko dei må jobbe meir med, seier ho.

Trur du gratis bleier og barnevogn vil gi fleire barn til Åmli kommune? Sei di meining!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %