Hopp til innhold

Ville ikkje frelsast - vart knivstukke

Ei 36 år gammal kvinne er dømd til fengsel i sju månader etter å ha knivstikke den tidlegare sambuaren sin.

Det var i oktober i fjor at kvinna var på besøk med ekskjærasten sin i Arendal.

Kvinna vekte mannen om morgonen og fortalde at ho hadde skaffa amfetamin og at dei skulle «få ein skikkeleg smell».

Ifølgje dommen frå Aust-Agder tingrett skal begge dei to ha teke amfetamin. Det var då kvinna tok fram Bibelen og ville frelse mannen at det vart bråk.

Slo mannen fleire gonger

Mannen nekta å la seg frelse og det oppstod ein krangel. Kvinna skal ha slått mannen 2–3 gonger med knytt neve og dytta han ned i ein sofa. Deretter skal ho ha teke strupetak på han og bite han i nasen.

Det kom fram i retten at mannen skal ha teke tak i skrittet på kvinna og at han drog i ho. Med den andre handa reiv han kvinna i håret.

Kvinna skreik til mannen at han måtte komme seg ut. Dette skal ha teke tid, og kvinna slo mannen 2–3 gonger på nytt i ansiktet med knyttneven.

Då mannen var i fred med å gå ut av leilegheita skal kvinna ha sprunge inn på soverommet der ho henta ein «samekniv».

Nektar for knivstikking

Mannen har forklart at kvinna stakk han med kniven to gonger på baksida av den eine armen. Mannen kom seg unna og sykla til politistasjonen i Arendal.

Aust-Agder tingrett la vekt på at vald med kniv utgjer eit betydeleg skadepotensial.

Kvinna nekta å forklare seg i tingretten, men har i politiavhøyr nekta for å ha stukke mannen med kniv.

Kvinna er dømd for narkotikakriminalitet ei rekkje gonger tidlegare.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %