– Dei raude telefonkioskane er jo kulturminne. Vi ynskjer å behalde den av den grunn. Den er ein del av sentrumsmiljøet vårt, seier leiar for kultur- og fritid i kommunen, Torunn Charlotte Lund til NRK.no.
Men problemet er at Telenor vil fjerne den gamle telefonkiosken fordi den ikkje lenger dreg inn nok pengar.
Politisk kamp
Formannskapet i Valle har sagt ja til å halde fram kampen for telefonkiosken i bygda. Dei vil også at den skal kunne nyttast til ringing i framtida, og ikkje at den berre skal stå der som ein museumsgjenstand.
– Telenor har ikkje stengt den enda. Så saka er ikkje avslutta frå vår side, seier Lund.
Telenor sin riksantikvar har bestemt at det skal finnast 100 verneverdige raude telefonkioskar til ei kvar tid. Det betyr at dersom ein vert lagt til lista, skal ein annan fjernast.
Vil ta rekninga
Telefonkiosken er så viktig for setesdølane at kommunen no er villige til å ta det økonomiske ansvaret dersom dei får behalde telefonkiosken. Det er fin musikk i øyra til kommunikasjonssjef ved Telemuseet, Laila Andersen.
– Absolutt. Men skal den få status som verna telefonkiosk må den gjennom nokre prosedyrar, seier Andersen.
Den raude telefonkiosken vekkjer kjensler for mange i heile landet. I 1932 teikna arkitekten Georg Fasting telefonkiosken. Barnebarnet til Fasting tok sjølv affære då ein av kioskane ikkje fekk status som verneverdig, og sette den like godt på badet og brukar den som dusjkabinett.
– Eg tykkjer først og fremst at kiosken er veldig fin. Og at farfar som teikna den var ein veldig fin fyr. I mange år drøymde eg om å ha ein kiosk som eit minne om han. Då vi kjøpte huset passa det å slå hol i murveggen og tre den inn, sa Jan Fasting til NRK.no i 2010.