Tilstanden til dei sju personane er ikkje kjent.
Ulykkene skjedde på E18 mellom Kristiansand og Arendal.
– Mannskapa har hatt problem med å få saltet til å fungere fordi det er så kaldt. I tillegg bles det, så det er dårleg sikt, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Anniken Island.
– Kombinasjonen dårleg sikt, dårleg føre og at folk ikkje køyrer etter forholda er ikkje god. Dei som skal ut å køyre må tenke fart, halde god avstand og vere klar over at det er veldig vanskelege køyreforhold, seier ho.
Kjedekollisjon
I Grimstad er tre bilar og ein lastebil involvert i ei ulykke ved Bietunnelen. Brannvesenet melder at de er fremme ved ulykken, og at det er veldig glatt på stedet.
Fleire bilar er involvert i ein trafikkulykke på E18, like aust for Steinsåstunnelen, mellom Grimstad og Lillesand.
Ulykka skjedde i vestgåande retning. Vegen er sperra ifølgje Statens Vegvesen.
Både Steinåstunnelen og Bratteheitunnelen mellom Lillesand og Kristiansand var stengt i lengre tid.
E18 var også stengt i vestgående retning mellom Morholtkrysset og Gaupemyrkrysset i Lillesand på grunn av trafikkuhell.
Politiet med åtvaring
Politiet ber bilistar på E18 om ikkje å snu sjølv om vegen er stengd etter trafikkulykker fleire stader.
– Ingen bilistar må snu og køyre i motgåande. Dette er totalt uansvarleg og set andre sitt liv og helse i fare.
– Vi oppfordrar om å køyre særs forsiktig. Dersom ein ikkje absolutt må køyre, så la vere, seier operasjonssentralen i Agder-politiet.
Det har vore fleire ulykker på E18 på Sørlandet tysdag. Her står bilar i ro ved Brattheitunnelen i Grimstad.
Foto: Morten Krogstad / NRK