Hopp til innhold

Kan likevel bli i ØIF Arendal

Onsdag vart det kjent at Marinko Kurtovic gjer seg i ØIF Arendal. No opnar både klubben og han sjølv for at han kan bli likevel.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Det er ikkje hundre prosent sikkert at Marinko Kurtovic gjer seg i ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF-trenar Marinko Kurtovic kan likevel bli verande i ØIF Arendal.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

– Eg har sagt at dersom det er interesse for å sjå på løysingar, så er eg budd på å sjå på det, seier Kurtovic til NRK.

Onsdag kveld sende eliteserieklubben ut pressemelding om at Kurtovic gir seg etter denne sesongen.

Pendlar frå Sandefjord

Trenaren peika mellom anna på stor belasting i samband med pendling mellom heimbyen Sandefjord og Arendal.

I tillegg krevde klubben eit svar frå Kurtovic innan 31. desember på om han blir med vidare.

– Eg var nøydd til å gje klubben eit svar. Eg har tenkt mykje på korleis eg skal klare eitt år til med pendling. Eg konkluderte med at eg ikkje vil klare å vere motivert og fokusert på oppgåva som trenar i Arendal. Det gjorde at eg konkluderte som eg gjorde, seier han.

Håpar på dialog

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen vedgår at han ikkje har gitt opp med tanke på å behalde Kurtovic som trenar.

– Eg håpar vi kan komme i ein dialog igjen. Samstundes må vi sjå oss om etter ein ny trenar. For realiteten er at han har sagt opp og vil slutte etter sesongen. Men eg vil aldri seie aldri og vil aldri gje opp, seier Michelsen.

Kurtovic er open for dialog med klubben.

– Eg har sagt til Per Carsten Michelsen at døra alltid står opa. Fins det ei løysing, så er eg budd på å høyre på det. Men heilheita per dags dato gjer meg til ein dårlegare trenar, seier Kurtovic.

ØIF-spelarane Sondre Paulsen og Eirik Heia Pedersen tykkjer at det er synd at Marinko Kurtovic gjer seg som trenar i klubben etter denne sesongen.

Sjå intervju med ØIF-spelarane Sondre Paulsen (t.v.) og Eirik Heia Pedersen.

Kryssar fingrane

ØIF-kaptein Eirik Heia Pedersen håpar at klubben og Kurtovic finn ei løysing slik at han blir verande også neste sesong.

– Eg håpar det. Når det er ei moglegheit må kanskje klubben strekke seg litt til for at det går i boks. Det håpar eg verkeleg, seier han.

Også nestleiar i supportarklubben Svermen, Kari Sunde, kryssar fingrane for at Kurtovic skriv under på ei ny kontrakt.

– Så lenge det er håp går eg ikkje ned i kjellaren av den grunn. Vi får vente og sjå. Kanskje det er noko som skjer mot våren som gjer at han likevel vel å halde fram, seier Sunde.

Nestleiar i supportarklubben Svermen, Kari Sunde, har framleis eit lite håp om at Marinko Kurtovic held fram som trenar.

Sjå intervju med nestleiar i supportarklubben Svermen, Kari Sunde.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %