Hopp til innhold

Kalde kyrkjer, men varme rumper

Trass i bitande kulda vert det no lova at folk skal sleppe å fryse når dei sit på kyrkjebenkane i Arendal i jula.

Video Varme i kirkene

Tre kyrkjer i sørlandsbyen skal no få eit heilt nytt varmesystem. Heretter er det setevarmen som gjeld.

– Det nye oppvarmingssystemet er basert på at vi har montert benkevarmarar under benkane. Desse gir strålevarme ned på golvet og gir varme på benken. På den måten vil dei som sit oppleve at det kjennest varmare fordi varmen er der personen er, seier Ole Aasen hos Kirkevergen i Arendal til NRK.no.

Lågare romtemperatur

– Vi satsar difor ikkje først og fremst på å varme opp lufta og konstruksjonen, men i den sona personane sit, seier han.

Men det nye stystemet gjer ikkje at ein kan kutte ut anna oppvarming.

– Vi må setje på litt varme i kyrkja som før. Men vi kan operere med noko lågare romtemperatur enn vi kunne gjer før, seier han.

Kan spare pengar

Det betyr at det er pengar å spare.

– Vi håpar på å spare noko. For i tillegg til dette systemet har vi også veldig god kapasitet. Det er eit kraftig anlegg slik at ein kan varme nokså hurtig opp, og dermed kan varmeanlegget vere på i kortare tid og dermed bruke mindre straum, seier Aasen.

No vert det planlagt å få eit slikt system i tre kyrkjer i Arendal.

Måtte stengje kyrkja

– Planen er at vi skal byte ut systemet i Hisøy kirke i 2011 og Engene kirke i 2012. No får vi berre håpe at bevillingane vert fulgt opp slik at vi kan få gjennomført det, seier han.

I fjor mått Hisøy kirke stengjast på grunn av voldsom kulde.

– Får vi dette til i alle kyrkjene vil vi få eit godt fyringssystem, seier Aasen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %