Hopp til innhold

Prestane frys

Sokenpresten i Gaular tettar hol i veggen i huset med sovepose for å halde kulden ute.

Video nsps_upload_2010_1_7_18_49_43_170.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Vi har måtte trekkje kjøkkenbordet lenger ut på golvet fordi det er altfor kaldt å sitje ved vindauget, seier sokneprest Frode Skeide i Gaular.

Prestegardane er så dårleg isolerte at familiane som bur der slit med å halde varmen i sprengkulda.

Buplikta øydelegg

kalde prestegard

Sokneprest Frode Skeide i Gaular har gjort det han kan for at det ikkje skal vere kaldt på kjeøkkenet. ein sovepose er stappa opp under kjøkkendisken for å tette hòlet ut mot husveggen. Men likevel sit familien med ullstilongs og et frukost.

Foto: Steinar Lote / NRK

Men det er buplikt på prestegardane i Norge. At mange av husa er over hundre år gamle og ikkje held same standard som andre hus har ikkje noko å seie.

- Eg har tenkt mange gonger at dei som har vedteke regelverket om at vi må bu i desse husa skulle få kome på frukost hjå oss. Då skulle dei fått kjenne kor kaldt det verkeleg er, seier Skeide.

Dei fleste av oss slepp å tette sprekkar for å halde varmen i husa våre. Om det vert for ille kan vi i verste fall finne ein ny stad å bu. Men problemet er nemleg at buplikta ikkje går i hop med det manglande vedlikehaldet på prestegardane.

Har ikkje midlar

- Vi har ikkje nok til vedlikehald på husa, seier prestegardsinspektør i Bjørgvin og Stavanger Bispedøme Hildur A. Kuld.

Ho vedgår at det er vanskeleg for mange av familiane som bur i prestegardane å klare å få opp varmen.

- Det manglar rett og slett isolasjon i dei gamle husa.

Isolerer med sovepose

Sorensrkivargarden i Førde

Sorenskrivargarden i Førde er nettopp pussa opp for fleire millionar kroner. Huset var i svåært dårleg forfatning før det vart pussa opp. Prosten i Førde med familie bur i huset i dag.

Foto: NRK

På kjøkkenet i Gaular har sokepresten brukt kreativiteten for å halde kulden ute.

- Eg har putte ein sovepose inn i ein krok på kjøkkenet saman med isoporplater for å halde kulden ute, fortel Skeide.

Han er lei av å fryse på beina, og pakke seg inn i ullklede når han er heime.

- Vedlikehaldet på prestegardane må bli prioritert, seier han.