Hopp til innhold

Jerv-trenar: – Vi gler oss veldig

Jerv kan ta eit langt steg mot opprykk til 1. divisjon dersom dei slår Fram Larvik på bortebane laurdag.

Jerv-jubel

Jerv-spelarane jubla etter 9–0 siger mot Birkebeineren. Laurdag kan dei nærast sikre opprykk til 1. divisjon.

Foto: Jan Skaregrøm/fkjerv.no

– Vi har budd oss som vi alltid gjer til kampar. Vi må sørge for å vere klar når kampen vert blåse i gang, seier trenar Steinar Pedersen til NRK.

Grimstad-klubben har imponert dei aller fleste denne sesongen. Laget rykte opp frå 3. divisjon førre sesong, men toppar si avdeling i 2. divisjon med berre tre serierundar att.

Jerv har faktisk ikkje tapt ein seriekamp sidan 2. august då Ørn-Horten vann 4–3 i Grimstad. Jerv leiar serien tre poeng føre rivalen Vindbjart.

Dersom Jerv slår Fram Larvik, og Vindbjart spelar uavgjort borte mot Notodden, vil Jerv leie serien med fem poeng før dei to siste serierundane.

Tabell 2. divisjon av. 1

1. Jerv

23

14

6

3

63-29

48

2. Vindbjart

23

14

3

6

65-39

45

3. Notodden

23

14

2

7

46-37

44

4. Fram Larvik 

23 

13

4

44-36

43 

5. Kongsvinger

23

13

3

7

54-38

42

* Kun vinnaren av avdelinga rykker opp til 1. divisjon

Imponert over spelargruppa

– Humøret og stemninga er veldig god i spelargruppa. Det er ein god optimisme og positivitet, og vi gler oss veldig til kampen mot Fram Larvik, seier den ferske trenaren.

Steinar Pedersen

Steinar Pedersen, her i Lillestrøm-drakt, kan rykke opp i debutsesongen sin som trenar i norsk toppfotball.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

Pedersen har sjølv vore med på viktige kampar i spelarkarrieren si. Han har rykt opp og ned med Start. I tillegg har han Meisterliga-kampar med tyske Borussia Dortmund på CV-en.

Han veit med andre ord godt kva det inneber å spele avgjerande kampar.

– Det er klart det er viktig å ha vore i slike settingar tidlegare. Men vi har ei sterk spelargruppe som stadig imponerer meg, seier trenaren.

Jerv har spelt åtte strake kampar utan å tape. Sist knuste dei Birkebeineren heile 9–0 på heimebane.

Gratis supportarbuss

Laurdagens motstandar frå Larvik har framleis teoretiske moglegheiter til å rykke opp til 1. divisjon.

– Fram Larvik har kjempa i toppen heile sesongen. Vi møter eit godt lag som er bra på heimebane. Det er vi fullstendig klar over. Eg har sett dei fleire gonger og veit kva som møter oss, seier han.

Klubben har sett opp gratis supportarbuss til bortekampen i Vestfold.

– Det er ei fantastisk greie. Vi rundt laget set utruleg pris på dugnadsgjengen og sponsorane i klubben som bidreg til å gjere det mogleg, seier Pedersen.

Ifølgje Espen Skalleberg, som organiserer turen til Larvik, er kring 50 supporterar påmelde.

– Vi opplever stor interesse. Dersom det kjem fleire som vil vere med vil vi køyre privatbilar i tillegg til buss, seier Skalleberg.

Neste sesong kan Fram Larvik, Birkebeineren og Arendal bli bytt ut med Brann, Sandnes Ulf og Fredrikstad.

Jerv sine ti siste kampar

Jerv - Birkebeineren

9-0

Odd 2 - Jerv

0-0

Jerv - Fløy 

1-0

Vindbjart - Jerv

1-1

Jerv - Arendal

2-0

Strømdsgodset 2 - Jerv

2-2

Jerv - Kongsvinger

2-1

Asker - Jerv

3-3

Jerv - Ørn-Horten

3-4

Jerv - Notodden 

3-1

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %