Hopp til innhold

Mental hjelp gav toppscorartittel - no jaktar ho nye mål

I fjor overraska Vipers-spelar Annette Jensen mange med å bli toppscorar i eliteserien. I år er ho budd på ein tøffare sesong.

Annette Jensen, Vipers Kristiansand
Foto: Sander Heggheim/NRK

Annette Jensen, Vipers Kristiansand
Foto: Sander Heggheim/NRK

Karin Weigelt og Gunnar Pettersen
Foto: Sander Heggheim/NRK
– Eg må verkeleg gripe sjansen når eg får den. Det er tøffare i år, seier Jensen til NRK.

Førre sesong scora bakspelaren frå Danmark heile 145 mål i løpet av eliteseriesesongen.

Det gir eit snitt på nesten sju mål per kamp.

Fekk mental hjelp

Nærast på toppscorarlista var tidlegare Vipers-spelar Veronica Kristiansen. Glassverket-spelaren scora 140 mål.

– Eg jobba veldig mykje med det mentale, og bli meir direkte mot mål. Det gav resultat og mange mål. Det kom litt brått på meg, smiler Jensen.

I fjor var Jensen ein av laget sine viktigaste spelarar. Ho fekk drøssevis med speletid.

– I år blir det nok ikkje 60 minutt kvar kamp, men eg skal prøve å utvikle spelet mitt like mykje som i fjor. Så skal eg halde fram med å vere direkte mot mål, seier den tidlegare Slagelse-spelaren.

Vipers har nemleg henta inn fleire spelarar i 23-åringen sin posisjon. Trenar Gunnar Pettersen varslar at det vil bli rullering.

– Det blir ein ny situasjon for Annette. Det er ein heilt annan konkurranse, spesielt på bakspelarplass. Vi har sju spelarar som alle ventar speletid. Det gjeld å ta vare på sjansen du får til ei kvar tid, seier Pettersen.

God frå 7-meteren

Trenaren dreg mellom anna fram sjumeterkast som ein styrkane til dansken. I fjor scora ho heile 47 mål frå sjumetersmerket. Det var desidert flest i eliteserien.

– Så er ho ein spelar som lagar mykje mål utan at ein eigentleg legg merke til det, seier Pettersen.

Søndag opnar Vipers Kristiansand sesongen med bortekamp mot Byåsen i Trondheim. Annette Jensen ser fram til endeleg å komme i gang.

– Eg gler meg skikkeleg. Eg trur det vert veldig gøy med det laget vi har i år. Vi har ein breiare stall enn i fjor. Vi ser ikkje så stor skilnad når vi gjer byter. I tillegg er Gunnar flink til å finne fram dei gode kvalitetane til kvar enkelt spelar, seier Jensen.

Toppscorarliste eliteserien 2013/14

Namn

Klubb

Mål

1. Annette Jensen

Vipers Kristiansand

145

2. Veronica Kristiansen

Glassverket

140

3. Tonje Nøstvold

Byåsen

129

3. Nora Mørk

Larvik

129

5. Betina Riegelhuth

Storhamar

123

6. Linn Gossé

Tertnes

122

7. Stine Skogrand

Tertnes

121

8. Linn Jørum Sulland

Larvik

119

9. Anette Helene Hansen

Fredrikstad

118

10. Maja Jakobsen

Storhamar

115

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %