Arendalittane har ikkje vunne ein eliteseriekamp sidan dei slo Drammen 29–25 på bortebane 29. september.
Før sesongen spådde fleire at laget ville vere ein av klubbane som ville kjempe heilt i toppen av tabellen. Etter dei fem første serierundane ligg arendalittane heilt nede på ein 8. plass på tabellen.
ØIF Arendal står med tre strake tap i eliteserien. Men dei vann sist dei var i aksjon, då dei slo SKA Minsk i europacupen.
Søndagens motstandar Bodø har imponert stort så langt. Laget står framleis utan tap etter fem spelte kampar.
Kampen mellom Bodø og ØIF Arendal startar klokka 17 i Bodø Spektrum.