NRK Meny
Normal

Hyllar Melodi Grand Prix-vinnarane

Varaordføraren i Grimstad hyllar Melodi Grand Prix-vinnarane. No vil ho til Wien for å heie under den internasjonale finalen i mai.

Mørland & Debrah Scarlett

Kjetil Mørland og Debrah Scarlett vann den norske Melodi Grand Prix-finalen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det var heilt fantastisk stort. Eg torde nesten ikkje å håpe at dei skulle vinne då dei kom i gullfinalen. Men så gjorde dei det, seier varaordførar i Grimstad, Anne Merete Holberg til NRK.

Ho er på fylkesårsmøte i Aust-Agder Arbeiderparti og sneik seg unna eit sosialt lag då vinnaren skulle kårast i Oslo spektrum laurdag kveld.

– Eg sat mutters aleine og berre heia, ler ho.

Anne Merete Holmberg

Varaordførar i Grimstad Anne Merete Holmerg håpar på Wien-tur.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Overraska vinnarar

Kjetil Mørland frå Grimstad og Debrah Scarlett vann den norske Melodi Grand Prix-finalen med låta «A Monster Like Me».

Mørland & Debrah Scarlett

Mørland og Scarlett under avstemminga.

Foto: Alvin Tjernshaugen / NRK

– Eg er så takknemleg for alle som har stemt og trur på oss, sa ein tydeleg prega Mørland til NRK like etter at sigeren var sikra.

– Eg kan ikkje fatte at vi vann, jubla Debrah.

No håpar varaordføraren på å få representere kommunen under den internasjonale finalen i Wien i mai.

– Det er jo dette med kommuneøkonomien då, men det hadde vore veldig moro å heie dei fram, seier ho.

– Kva synest du om songen?

– Det var den einaste eg lasta ned og lytta til på førehand. Eg tykkjer den er knallfin. Etter å ha høyrt den to-tre gonger til vart den berre endå finare, seier varaordføraren.

Mørland & Debrah Scarlett vant kveldens MGP-finale med «A Monster Like Me».

VIDEO: Se duoen fremføre vinnerlåta i Oslo spektrum.

Trur på topp ti

Mørland og Scarlett var ein av førehandsfavorittane i den norske finalen.

No trur tidlegare MGP-vinnar Elisabeth Andreassen at dei kan hevde seg også i den internasjonale finalen.

– Dei var min store favoritt og eg trudde dei kom til å vinne. Det er ein god komposisjon, med to fantastiske songarar. Samstundes skil den seg ut, noko eg trur den vil gjere i Wien. Den endar garantert inne på topp ti, seier Andreassen til Aftenposten.

Sjå gratulasjonar på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold