Høygilt vann med ti mot åtte stemmer. Dermed er noverande ordførar Arild Windsland vraka som toppkandidat.
– Det var veldig hyggeleg, seier Høygilt om at han vart vald som toppkandidat.
– Det er veldig spesielt når du har hatt eit så godt samarbeid med sitjande ordførar og gå vidare utan han i teamet, seier han.
Skuffa Windsland
Noverande ordførar Arild Windsland var skuffa etter avstemminga og sa også nei til å stå lenger nede på lista.
– Når dei vel å byte meg ut er det fordi dei ynskjer ein ny kurs. Då ser eg ikkje det som noko poeng at eg skal vere med på det, om min kurs ikkje har vore riktig dei fire åra, seier han.
Mange meiner at det var innføring av eigedomsskatt som gjorde at partiet valde å vrake Windsland.
Lovar ikkje å fjerne eigedomsskatt
– Eg trur mange har hengt seg veldig opp i det. Det forstår eg veldig godt fordi det var eit valløfte som vart brote. Men det er faktisk veldig viktig for ein politisk leiar å ta ansvar når situasjonen er vanskeleg. Det var det som var viktig for meg i den situasjonen. Det kan bety at det som skjedde no var eit resultat av det, seier han.
Den nye toppkandidaten vil ikkje love at eigedomsskatten vert fjerna.
– Det kan eg ikkje gje lovnader på. Eg har ikkje meir pengar enn det vi har i systemet no. Men eg vil jobbe beinhardt for å redusere den og om mogleg kutte den ut, seier Høygilt.