– Hestane dømmer deg ikkje på noko vis. Dei bryr seg ikkje om korleis du ser ut, seier Ilja Svensson.
31-åringen er fagansvarleg for hest og dyrehald på Jegersberg gård i Kristiansand.
For henne har hestar betydd noko heilt spesielt.
– Eg trur ikkje eg hadde vore så glad og lykkeleg som eg er viss det ikkje hadde vore for hestane, seier ho.
31-åringen er fødd med sjukdommen lymfatisk malformasjon. Det har påverka barndommen og oppveksten hennar.
Ho har mellom anna vorte mobba.
– Barn er flinke til å leggje vekt på at du ser annleis ut. Eg var usikker og hadde lyst til å sjå ut som alle andre.
Ilja har jobba med hestar heilt sidan ho var ferdig utdanna for ti år sidan. Her er ho på Jegersberg gård med hesten sin Loki.
Foto: Kai Stokkeland / NRKVar redd for hestar
Dei firbeinte dyra kom inn i livet hennar då ho var sju år. Då fekk nabojenta eigen hest.
– Eg var dritredd hestar, men då eg først slutta å vere redd for dei, vart interessa berre sterkare.
Ilja tok fagbrev i hestefag og har dei fire siste åra jobba på Jegersberg gård. Det er eit rehabiliterings- og kompetansesenter for rusavhengige som vil starte eit nytt liv.
31-åringen er ansvarleg for hestane og dei andre dyra på garden.
Når NRK er på besøk er ho i gang med å byggje eit gjerde ute på jordet.
Dagane er hektiske og ho stortrivst i jobben.
– Eg synest det er gøy å jobbe med ein kombinasjonen av dyr og menneske. Dei lærer å forstå kvarandre, og dyra gir mykje tillit. Det er veldig fint.
Vil ikkje lenger sjå ut som alle andre
Ilja fortel at ho i oppveksten gjekk mange rundar for å sjekke moglegheita for å ta ein operasjon som kunne gjere at ho fekk eit «vanleg» utsjånad.
Det lét seg ikkje gjere.
Den medfødde sjukdommen er svært sjeldan.
Ho veit berre om fire andre i Noreg som har same sjukdom.
– Men no som eg har vorte eldre tenkjer eg at eg ikkje har lyst til å sjå ut som alle andre, seier ho og smiler.
31-åringen fortel at hestane har gjort at ho har vorte fortare frisk etter operasjonar.
– Eg har alltid hatt eit behov for å komme meg ut til hestane igjen.
Ilja har to eigne hestar, Loki og Tristan. Totalt er det 22 hestar på garden, men ein del av dei er eigd av private og blir ikkje brukt av garden.