Her får asylbarna eit avbrekk i kvardagen

Unge, einslege asylsøkjarar lærer samarbeid og språk gjennom eit aktivitetsopplegg, som eigentleg er laga for barn i u-land.

Unge, enslige asylsøkere lærer samarbeid og språk gjennom et aktivitetsopplegg, som egentlig er laga for barn i u-land. Det er organisasjonen til Johan Olav Koss som i ett år har prøvd ut programmet på asylmottak.

VIDEO: Sjå korleis asylbarna får eit avbrekk i kvardagen. Reporter: Hilde Skarvøy Gjestland Foto/redigering: Anne Wirsching

– Dei sit kvar dag og tenkjer på korleis framtida er. Om dei skal bu her i Norge eller bli sende tilbake til heimlandet, seier aktivitetsleiar på Lyng Em-mottak i Lyngdal, Edris Hamdard til NRK.

Lærer språk

Det er organisasjonen til Johann Olav Koss som i eitt år har prøvd ut programmet på asylmottak. Ungdommane lever framleis i uvisse om dei får bli i Norge.

– Her kan dei snakke saman, gløyme det dei tenkjer på til dagleg og dei kan lære språket. Det er veldig viktig, seier Hamdard.

Thomas Breistein

Thomas Breistein

Foto: Anne Wirsching/NRK

Gjennom leik og fysisk aktivitet får dei unge asylsøkjarane viktig input i ein kvardag med mange tankar om ei uviss framtid.

Prosjektet var i utgangspunktet altså laga for barn i u-land.

– Veldig positivt

Men no har opplegget blitt adoptert til norske asylmottak, og blitt ein suksess.

– Det har vore veldig positivt. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå mottak vi samarbeider med, seier prosjektleiar i Right to Play, Thomas Breistein.

– Vi ser også at barna tykkjer det er gøy og at dei faktisk lærer noko av det å vere i fysisk aktivitet, seier Breistein.