Hopp til innhold

Her er reiselivet er ei gullgruve

Meir enn ein tredjedel av den totale vare- og handelsomsetninga i Sirdal kan knytast til reiseliv og turisme.

Drømmedag i Sirdal

REISELIV: Turistar i Sirdal genererer mykje pengar og mange arbeidsplassar.

Foto: Snorre Aven

I ein rapport frå analyseselskapet Menon Business Economics kjem det nemleg fram at reiselivet i Sirdal genererte 497 millionar kroner i 2011. Det er hytteturistane som står for det meste av reiselivskonsumet.

173 arbeidsplassar

– Det seier mykje om kor viktig reiselivet er i dag. Reiselivet utgjer ein stor del av arbeidsplassane til folk og kommune, seier dagleg leiar i Sirdalsferie, Anita Buckley til NRK.no.

I rapporten kjem det også fram at reiselivsaktiviteten legg grunnlag for 173 arbeidsplassar i Sirdal. Det utgjer nær 40 prosent av alle arbeidsplassar i private bedrifter i kommunen.

– Reiseliv får kanskje ikkje alltid den merksemda som er fortent i alle samanhengar. Ein kan ikkje få sagt nok kor viktig det er, seier Buckley.

Reiselivet skapar ikkje berre arbeidsplassar i Sirdal, men også i nabokommunane. Rapporten peikar på at ringverknadene kjem spesielt til gode for Jæren, Dalane og Listerregionen utanom Sirdal.

Vil ha fleire turistar

Buckley meiner at det framleis er eit stort potensial som ikkje er utnytta.

– Vi har for få hotell, kafear, butikkar og restaurantar og det er store avstandar i Sirdal. Her ligg heilt klart eit potensial, seier ho.

Mange knyter Sirdal først og fremst til vinteraktivitet, men no vil dei prøve å sikre seg fleire turistar også på sommartid. Det er sett av pengar til å byggje turiststiar og turløyper.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %