Hopp til innhold

Her er alle elevane røykfrie

Etter fleire år med førebyggande arbeid har Iveland ungdomsskole endeleg nådd målet. No er alle elevane ved skulen røykfrie.

Elevene ved Iveland ungdomsskole ble i dag feiret av skolen og kommunen. Etter lang og iherdig innsats er samtlige elever røykfrie.

VIDEO: Elevar og lærarar feira at ingen elevar ved skulen røyker.

Inger Lise Aasen

Inger Lise Aasen

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
Wenche Reinertsen

Wenche Reinertsen

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Torsdag var det feiring med pizza, brus og lokale musikarar på scena.

– Vi har brukt ein del tid i klassen på å snakke om det å ikkje røyke, og at det er ein stor helsegevinst med det, seier Inger Lise Aasen, som er rådgjevar og sosiallærar ved skulen.

– Vi gjorde det vanskeleg

Skulen har gått knallhardt til verks for å få bukt med røykinga. Arbeidet har gitt resultat, og no er det altså ingen som lenger snik seg vekk for ein blås i friminutta.

– Vi har opplevd at vakter har følgt etter dei og oppsøkt dei. Vi har gjort det vanskeleg for dei å røyke ved Iveland skole, seier inspektør ved skulen, Wenche Reinertsen til NRK.

– Dei tykte ikkje at det var gøy å bli tekne for det, men dei forstår at det er dumt å halde på likevel, seier ho.

Elevane har merka skulen si haldning til røyking i timane.

– Vi har snakka mykje om det på skulen og i faga at det ikkje er bra. Vi har fått mykje fakta om kva som kan skje dersom ein byrjar å røyke. Kva som kan gå gale om ein held fram, og at det kan gå så langt at ein kan bli misbrukar, seier Anne-Mari Kling.

Færre røyker

Over heile landet er det færre ungdomsskuleelevar som røyker. Men skulen meiner at haldningsarbeid framleis er like viktig.

– Det er kanskje meir miljøbestemt enn tidlegare kven som byrjar å røyke. Vi har alltid hatt nokon, men no har vi ingen. Det er vi veldig glade for, seier Reinertsen.

Også ordførar Gro Anita Mykjåland deltok i feiringa ved skulen i dag. Røykfri skule er som musikk i øyra for ordføraren.

– Dette er viktig. Vi er klar over både levekår og folkehelse både på Agder og Iveland. Det må vi ta tak i. At desse ungdommane går føre er sjølvsagt med på å betre levekåra på sikt, trur Mykjåland.

No håpar Wenche Reinertsen at også andre skular kan oppnå same resultat.

– Røyking er ein uting både helsemessig og økonomisk. Eg håpar dei ser at det går an å få til, seier ho.

Gro-Anita Mykjåland

Gro Anita Mykjåland er glad for at skulen har teke grep for å få slutt på røyking.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %