Måndag vart to bilar heva frå havbotnen i Holskogkilen i Søgne. Ein av bilane vart meldt stole i 1996. Den andre er nyare, men førebels ikkje identifisert.
– No vil vi prøve å finne ut om dette dreier seg om forsikringssvindel, eller ikkje. Vi har erfaring med at når bilar vert dumpa i sjøen, så er det ofte snakk om svindel, seier Eivind Sverdrup i forsikringsselskapet Gjensidige til NRK.
Fem så langt i år
I september vart tre bilvrak heva i Tromøysund i Arendal. Dermed har det blitt henta opp fem bilar i løpet av kort tid langs Sørlandskysten.
Det er Finans Norge som dekkjer kostnadene med å heve bilane. I tillegg bidreg Kystvakta med heving. Det er firmaet Uve AS som har kartlagt dumpeplassane på Sørlandet.
– Vi starta opp tidleg i sommar med å kartleggje område som var aktuelle med tanke på dumping av bilar. Til no har vi funne fem bilar, seier Harald Bjerke i Finans Norge.
Det fins ikkje samla tal på kor mange bilar som vert heva i løpet av eit år i Norge.
– Ofte kjem ein over ein enkelt bil. Då er det som regel selskapet bilen er forsikra i som tek saka sjølv, seier Bjerke.
Heller ikkje hos Gjensidige fins det tal på kor mange bilar dei har heva i 2013.
20 års foreldelsesfrist
Det er avdekt ein dumpingplass i bergensområdet. Det er førebels uklart kor mange bilar som ligg her, men dei vil bli heva om ikkje lenge.
Foreldelsesfristen for straffesaker er 10 år hos politiet. Dersom du har dumpa ein bil og det vert oppdaga er foreldelsesfristen 20 år hos forsikringsselskapa.
– Då vil vi krevje tilbake forsikringssummen som er utbetalt i tillegg til renter, seier Sverdrup i Gjensidige.
– Slike hevingar vil ha ein preventiv effekt. I tillegg er det sjølvsagt bra for miljøet at bilane vert heva. Folk skal ikkje føle seg trygge når dei dumpar ein bil, seier Bjerke i Finans Norge.