Odd T. Johannesen
Foto: Lars Eie/NRKSvein Vasby
Foto: Eirik Damsgaard/NRKPålegget kjem etter at Arbeidstilsynet i førrre månad avslutta saka mot Agder politidistrikt, der ein politimann vart påkøyrd og drepen då han prøvde å stoppe ein bil.
- LES OGSÅ: Politiet brøt egne retningslinjer
- SJÅ OGSÅ: Alt om politidrapet
Har laga sjekkliste
No har Agder politidistrikt laga ei sjekkliste som skal minske risikoen for publikum og polititenestemennene ved biljakter og stopp av køyrety.
– Dei er meir konkrete slik at det er tydleg kva operasjonen si leiing skal forholde seg til, og kva dei skal sjekke ut før dei set i gang ein slik operasjon, seier overingeniør i Arbeidstilsynet, Odd T. Johannesen til NRK.no.
- LES OGSÅ: Fem års fengsel for bildrap
I juli i fjor fekk politiet kritikk frå Spesialeininga for politisaker, for å ha brote eigne retningslinjer i samband med biljakta, der politimannen omkom. Dei peika blant anna på at plasseringa av ein politibil i samband med vegsperringa skapte ein farleg situasjon. 48 år gamle Børge Ivarsen omkom då han skulle leggje ut spikarmatte for å stoppe ein bil.
Sjekkliste
Samstundes avviser Arbeidstilsynet at politiet gjorde noko gale då politimannen vart påkøyrd og drepen 4. mars i fjor.
– Det har vi ingen grunnlag til å uttale oss om. Det var instruksen som ikkje var tilstrekkeleg, slik vi såg det den gangen, seier han.
- LES OGSÅ: Kjørte på politimann i 155 km/t
- LES OGSÅ: Politidrapet kjem ikkje opp på nytt
Stabsjef i Agder politidistrikt, Svein Vasby, stadfestar at politiet har laga ei sjekkliste etter pålegg frå Arbeidstilsynet.
– Dette er for å dobbeltsikre at instruksane vert følgde, og for å ivareta sikkerheita både til publikum og eigne tilsette, seier Vasby.