– Det er kanskje min tøffaste dag i politiet. Det har vore veldig krevjande. Kollegaen vår som vi har mista er ein særs godt likt og høgt respektert politimann.
Det sa politistasjonssjef i Grimstad, Steven Hasseldal, på ettermiddagens pressekonferanse.
Krevjande dag
Det har blitt mange tårer i Agder-politiet i dag.
Ein 48 år gammal kollega og ven omkom då han prøvde å stoppe ein 27 år gammal mann på rømmen frå politiet i Grimstad natt til torsdag.
Politimannen var i ferd med å leggje ut spikermatte då han vart meia ned. Mannen som kjem frå Birkeland i Aust-Agder etterlet seg kone og tre barn.
– Dagen i dag for vår del har vore å drive bearbeiding internt med våre medarbeidarar. Det har vore ein tøff og krevjande dag der vi har brukt mykje tid på å gå gjennom episoden og vere saman, seier Hasseldal.
Agder-politiet har bedt om at eit anna politidsitrikt overtek etterforskinga av saka.
Se video fra pressekonferansen: Tøffere hverdag for politiet
Ti drepne politimenn
– Det er viktig for politidistriktet å understreke at når ein sjølv er råka når ein kollega vert drepen, må det ikkje på nokon måte kunne stillast spørsmålsteikn om objektiviteten ved etterforskinga.
Det seier politidirektør Ingelin Killengren.
Sidan 1990 har ti politimenn blir drepne i teneste.
– Det er ti for mange, seier Killengren.
– Alle er uakseptable ut ifrå politiet sin situasjon og viktige samfunnsoppgåve, seier ho.
– Meiningslaust
Agder-politiet går tøffe dagar i møte. Dei er budde på å bruke tid på å komme over sjokket over å ha mista ein kollega, som vert beskrive som ein av dei dyktigaste politimennene i distriktet.
For politistasjonssjef i Grimstad, Steven Hasseldal, er nattas episode uverkeleg.
– Det verkar meiningslaust å miste ein så god kollega. Det er ein trist dag for oss i Grimstad, Agder-politiet og heile politi-Noreg, seier Hasseldal.
Den sikta 27-åringen vert framstilt for varetektsfengsling fredag morgon.