To unge gutar frå Lillesand er tekne for å stå bak hærverket ved eit asfaltverk som lagar asfalt til nye E18 ved Gaupemyr i Lillesand, i førre veke.
Dei krasja fleire anleggsmaskiner og tømde eit lass med pukk over maskinparken.
Informasjonssjef i Agder OPS, Lars Gunnar Nag, er glad saka er oppklara.
Og nye E18 skal etter planen stå klar 26. august, og skal opnast av Kongen.