Hopp til innhold

Gøymde pistol mellom puppane

Då politiet valde å ransake kvinna ramla både det eine og det andre ut av bh-en.

Bryster

PISTOL: Politiet fann både narkotika og ein pistol i bh-en til Grimstad-kvinna. (Illustrasjonsfoto)

Foto: ScanStockPhoto

Ransakinga skjedde i Grimstad i fjor sommar. Politiet hadde mistanke om at kvinna brukte narkotika og fann kvinna sittjande i ein bil.

Hadde kjøpt narkotika

– Eg var klar over at det låg ein pistol i bilen. Den låg i baksetet. For at denne ikkje skulle bli funne av politiet, la eg den i bh-en saman med cirka eitt gram amfetamin som eg hadde kjøpt tidlegare same dag, sa kvinna i retten ifølgje Agderposten.

I tillegg til våpen narkotika- og våpenbesittelse vedgjekk kvinna å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand to gonger. I tillegg køyrde ho bil seks gonger utan gyldig førarkort.

Må i fengsel

– Etter retten si oppfatning kvalifiserer dei gjentekne tilfella av køyring utan gyldig førarkort isolert bedømt til betinga fengsel og bot og ligg i grenseland mot ubetinga fengsel, skriv retten i dommen.

Kvinna vart til slutt dømd til 120 dagars fengsel.

Kvinna møtte i Aust-Agder tingrett tiltalt for narkotika- og våpenbesittelse. 42-åringen erkjente alle forhold i retten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %