Hopp til innhold

Gir seg som dagleg leiar i Vipers

Benedicte Løyland gir seg som dagleg leiar i Vipers Kristiansand når sesongen er slutt. Det skriv klubben i ei pressemelding.

Benedicte Løyland

Benedicte Løyland gir seg som dagleg leiar.

Foto: Vipers Kristiansand

Det har ikkje vore ei enkel avgjerd. Eg er svært takksam for å ha fått lov til å leie klubben dette året.

Det seier Løyland i pressemeldinga som klubben sende ut tysdag.

Ho har sagt til klubben at ho ynskjer å gi seg som dagleg leiar etter sesongslutt 31. mai 2024.

Benedicte Løyland, daglig leder Vipers.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Økonomiske problem

Handballklubben frå Kristiansand har hatt store økonomiske problem det siste året og var nær ved å gå konkurs. Løyland seier det både har vore både oppturar og utfordringar.

Året har gitt store oppturar, Champions League gull i Budapest, NM gull og nå gode sjansar for nytt seriegull. Det har også vore store utfordringar med økonomi, men nå er vi heldigvis over den verste kneika takka vere ei enorm innsats frå fleire.

Ho meiner Vipers no har alle høve til å bygge eit enda sterkare merkenamn, både på og utanfor banen.

Det er ikkje sikkert denne avgjerda er lett å forstå for alle som sit utanfor, men eg kjenner meg sjølv godt, og eg har respekt for den innsatsen jobben krev. Og da veit eg også når tida er inne for å gi seg, og dét er det etter denne sesongen er over, seier Løyland.

Katrine Lunde
Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

– Beklageleg

Styreleiar Rune Nomeland seier følgande om situasjonen:

– For klubben er det sjølvsagt beklageleg å miste den daglege leiaren vår etter berre eitt år, men vi har respekt og forståing for avgjerda. Dette har vore eit svært krevjande år. Eg er veldig fornøgd med at klubben nå er i ein sterkare posisjon enn nokon gong tidlegare.

Styret vil no sette i gang ein prosess for å finne ny dagleg leiar, står det i pressemeldinga.

Rune Nomeland, styreleder i Vipers

Rune Nomeland synest det er beklageleg av Løyland gir seg.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

– Eit tap for Vipers

NRK sin handballekspert Peder Langfeldt seier Løyland har gjort ein fantastisk jobb for toppklubben.

Han trur det blir krevjande å finne ny dagleg leiar i klubben.

– Det er ikkje for alle å vere leier for ein så stor handballklubb. Forhåpentlegvis er det også så attraktivt at nokon vel dette, men det er ein altoppslukande jobb, seier Langfeldt.

Peder Langfeldt

Handballekspert Peder Langfeldt er litt overraska over at Løyland velgjar å gi seg no som Vipers har fått orden på økonomien.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %