NRK Meny
Normal

Fylkestopp blir handballtopp

Fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden, er vald til ny styreleiar i ØIF Arendal.

Laila Øygarden

TIL ØIF: Laila Øygarden gir seg i fylkespolitikken og vert styreleiar i ØIF Arendal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Øygarden ser klare utfordringar å ta tak i, skriv Frolendingen.

– Det er alltid store utfrodringar spesielt på økonomisida. Slik budsjettet for 2011 ligg an, er det på dagens nivå, seier Øygarden til NRK.no.

– Vil du heve det til at vi skal bli best i Norge eller komme lenger i europacupen, er det økonomien, som må betrast, seier ho.

Den nye styreleiaren er forøvrig mor til sportsleg leiar i klubben, Kjetil Øygarden.

I fjor vart det klart at Øygarden ikkje stiller til gjenval ved valet til hausten.