Hopp til innhold

Fryktar storflaum ved brått vêrskifte

Det er langt meir snø i fjellet no enn normalt. NVE fyktar storflaum dersom temperaturen stig brått.

Flom på parkeringsplass, Haus

Parkeringsplass under vatn i samband med vårflaum i fjor.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Dersom det plutseleg vert mildt, både natt og dag, vil det bli store vassmengde som skal ned frå fjellet. Får vi regn på toppen får vi dobbel effekt. Det er då vi ser dei største flaumane, seier vakthavande hydrolog hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Ingeborg Kleivane Krøgli til NRK.

Det er langt meir snø i fjellet enn det som er normalt i juni. Dei siste dagane har det også komme meir snø i høgda.

– Det hadde vore best om vi gradvis fekk litt meir sommarleg temperatur. Ei brå endring i temperatur kan gje storflaum, seier ho.

Situasjonen er lik både på Sørlandet og Vestlandet.

Hovden i juni

Det har komme snø i indre Agder dei siste dagane. Bilete er frå Hovden 1. juni.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Fryktar stor vassføring

Bykle-ordførar Jon Rolf Næss følgjer med på situasjonen.

– Vi har hatt ein kald vår og det har vore ein snørik vinter. Snøen som ligg i høgda har også høgt vassinnhald. Faktisk opp mot 50 prosent. Dersom det plutseleg kjem ein varmeperiode vil det blir ein voldsom fart i snøsmeltinga. Då vert det mykje vatn i sideelvar og sidebekkar, seier han.

Jon Rolf Næss

Bykle-ordførar Jon Rolf Næss i snøvêr på Hovden 1. juni.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Næss viser til at Otra er godt regulert og at den toler store vassmengde.

– Eg trur det går greit, men folk skal nok vere litt obs. Det kan bli vaska ut jord og stein i sidevassdrag. Det blir ganske stor vassføring ein del stader. Her må ein vere litt forsiktig og følgje med, seier han.

Stengde vegar og mykje nedbør

Ei rekkje vegar i Sør-Norge har vore stengde dei siste dagane på grunn av uvêr. Det har komme mykje snø i høgda. Ordføraren stadfestar at det er meir snø i høgda enn normalt.

– Det er betydeleg meir enn det plar vere. Det kom jo kolossale snømengde i januar og mykje av det ligg framleis. Med ein kald vår har det smelta mindre enn vanleg, seier Næss.

NVE følgje situasjonen tett. Førebels er det ikkje noko som tyder på eit raskt vêrskifte med vesentleg høgare temperatur både dag og natt.

– Det ser stille og roleg ut på flaumfronten dei næraste dagane. Det blir litt varmare til helga, men så vert det kaldare igjen, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %