Hopp til innhold

Fryktar konkursras ved norske småkraftverk

Fleire hundre småkraftverk vil gå konkurs og det blir full stopp i bygging av nye småkraftverk, dersom nye skattereglar for vasskraft vert innført, meiner Småkraftforeninga.

Knut Hagen, nomeland maskin as, stein føreland straume, grunneigar, jorunn rysstad berg, grunneigar,

FRÅ HÅP TIL FRUSTRASJON: For litt over to år sidan opna Strume Kraftverk AS i Valle. No kan kraftverket gå krevjande tider i møte. På bilete er Knut Hagen, Nomeland Maskin AS (f.v.), grunneigarane Stein Føreland Straume, Jorunn Rysstad Berg, Olav Straume, Thor Daniel Aas og prosjektleiar for kraftverket Øyvind Gundersen.

Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen

– Det har vore ubehagelege dagar. Det var eit forferdeleg sjokk. Alt blir plutseleg forandra etter at vi har investert 32 millionar kroner, seier Thor Daniel Aas.

Han er ein av fire grunneigarar som eig Straume Kraftverk AS i Valle. Kraftverket vart opna i 2017.

Med dagens skatteregime klarer småkraftverket i Setesdal seg greit. Men dersom ekspertutvalet, som måndag la fram ein rapport med forslag til nye skattereglar, får det som dei vil, kan det bety kroken på døra allereie.

– Ei katastrofe

Dette føreslo ekspertutvalet som omfattar småkraftverka:

  • Dei vil heve grunnrenteskatten frå 37 til 39 prosent.
  • I tillegg vil utvalet at fleire småkraftverk skal betale grunnrenteskatt. I dag betaler ikkje småkraftverk som produserer med lågare innstallert effekt enn 10 MVA denne skatten. Utvalet har føreslått å senke grensa for skattefritak til 1,5 MVA.

Småkraftforeninga, som representerer rundt 400 småkraftverk som er i drift, er klar i si tale.

– Det vil vere ei katastrofe for norske bønder og grunneigarar, som har satsa millionar av kroner, seier dagleg leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit.

Kring 50 småkraftverk er under bygging i landet i dag. Ifølgje Småkraftforeninga er fleire sett på vent etter at rapporten vart lagt fram måndag.

– Småkraftbransjen har ikkje ein økonomi som toler grunnrenteskatt. Vi er tilpassa dagens kostnadsnivå i dagens skatteregime.

Knut Olav Tveit

KRITISK: Dagleg leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, er sterkt kritisk til rapporten frå ekspertutvalet.

Foto: Småkraftforeninga

På billegsal til utlandet

Ein gjennomgang Småkraftforeninga har gjort viser følgjande:

  • 200 småkraftverk eigd av norske bønder og grunneigarar som produserer over 5 GWh, vil 140 av dei eksempelåret 2016 gå med eit gjennomsnittleg underskot på 640 000 kroner etter grunnrenteskatt.

– Dette vil føre til konkursar og kraftverk på billegsal der utanlandske investorar står klare til å sikre seg desse, seier Tveit.

I rapporten peikar ekspertutvalet på at mange kraftverk nedskalerer kraftproduksjonen for å komme under 10 MVA, for å unngå grunnrenteskatt.

Kroken på døra

Byrkjelo Kraft AS i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane stod klart i 2007. Kun to av åra kraftverket har vore i drift har dei 20 eigarane teke ut ubytte. I fjor tok dei ut to millionar kroner.

– Det stor sjans for at vi er ferdige dersom dette vert ein realitet, seier ein av eigarane, Atle Støyva.

Thor Daniel Aas i Valle meiner stortingspolitikarane i praksis tek livet av Bygde-Noreg, dersom dei vedtek skattereglane ekspertutvalet har føreslått.

– Vi blir ikkje søkkrike av å eige kraftverket vårt. Men det gjer oss moglegheit til å halde liv i gardane våre. Vi kan pleie naturlandskap og bygningar slik at turistane har noko å sjå på når dei kjem på ferie, seier Aas.

Atle Støyva

KONKURS: Bonde og grunneigar Atle Støyva trur kraftverket hans går konkurs med skjerpa skattereglar for småkraftverk.

– Ser ikkje noko feil

Leiaren for ekspertutvalet Per Sanderud sa følgjande om småkraftverka på pressekonferansen måndag:

– Dei har ein veldig stor skattefordel i dag, så då vil nokre prosjekt falle ut om dette blir gjennomført. Det er ein konsekvens, ja. Men vi får meir og større utbyggingar i staden. Eg ser ikkje noko feil ved at ein får den konsekvensen, sa Sanderud ifølge TU.

Til NRK seier han at utvalet har føreslege overgangsreglar slik at endringane vert fasa inn over tid. I forslaget står det at ein reduksjon utan overgangsreglar kan føre til at enkelte kraftverk blir særleg hardt råka.

Sanderud er klar på at grensa for skattefritak vi har i dag bør endrast.

– Ei absolutt grense som er så høg har uheldige konsekvensar, som at ein neddimensjonerer kraftverka og ikkje får utnytta dei godt nok. Grensa vi har i dag er uheldig og bør endrast.

Per Sanderud

LEIAREN: Det var Per Sanderud som leia ekspertutvalet som har føreslått store endringar av skattesystemet for norsk vasskraft.

Foto: Leif Dalen / NRK
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %