NRK Meny
Normal

Fråteken førarkortet for alltid

Ein kvinneleg bilist (63) er fråteken førarkortet for alltid, etter at ho kolliderte med ein syklist i Songdalen i september i fjor.

Kristiansand tingrett har også dømt kvinna til 36 dagars fengsel, skriv Fædrelandsvennen.

Den kvinnelege syklisten er framleis sjukmeld etter ulykka.

63-åringen må i tillegg betale erstatning på over 80 000 kroner til syklisten, skriv avisa.

Det var i september i fjor at ulykka skjedde i Bukkesteinsdalen i Songdalen i Vest-Agder.

Den 63 år gamle bilisten skulle svinge ut på ein sykkelsti, men braut vikeplikta. Syklisten bråbremsa for å hindre kollisjon, og gjekk rett i asfalten.

Syklisten er framleis 100 prosent sjukmeld etter ulykka.

Retten la også vekt på at kvinna forlèt syklisten i ein hjelpelaus tilstand.

Dommen i Kristiansand var samrøystes. Det er førebels ikkje klart om saka blir anka til lagmannsretten.