Høgre, KrF og Venstre har no snudd i saka, og sikrar dermed fleirtal mot forslaget på bystyremøtet neste veke, skriv Fædrelandsvennen.
Ei utviding av parkeringsavgifta skulle få inn 2 og ein halv million kroner, og partia veit ikkje kor dei no skal ta inn desse pengene.
Forslaget om å utvide tida for betaling i Kvadraturen har skapt sterke reaksjonar, og partileiarane innrømmer til avisa at dei trakk forhasta sluttninger då dei tidlegare gjekk inn for å kreve parkeringsavgift mellom 17 og 20 på kvardagar.