Hopp til innhold

Frakta 30 tonn jord til sykkelløype

Kring 2500 dugnadstimar har resultert i ein sykkelsti som skal vere blant dei beste i Norge. Eit helikopter vart brukt for å frakte 30 tonn jord ut i løypa.

Frakter jord med helikopter til sykkelsti i terrenget i Arendal.

NETT-TV: Frakter jord med helikopter til sykkelsti.

– No har vi lagt siste hand på verket på det som er Norges finaste terrengsykkeløype, seier leiar i Arendal Singletrack Jan Fasting til NRK.

Jorda som vart frakta ut med helikopter skal dekkje skarpe steinar og røter for å gjere forholda optimale for terrengsyklistane.

– Gøy å byggje

– Jorda skal sørge for at stiane blir heilt perfekt å bruke, seier han.

Det er ein kameratgjeng med sykkel som lidenskap som tok initiativ til å byggje sykkelcrossløypa i Arendal. Løypa er på åtte kilometer.

– Førebels er det fleire brukarar til fots enn på hjul. Vi håpar at dette skal snu når barn og unge fattar interesse og ser moglegheita dei har rett i nærleiken, seier Fasting.

– Vi er ein kompisgjeng som tykkjer det er like gøy å byggje løyper som å sykle, seier leiaren.

Arendal singletrack håper mange vil bruker den nye løypa.

NETT-TV: Håper mange syklister vil ta turen i terrenget med sykkelen.

1,1 million kroner

Eldsjelene fekk støtte frå Gjensidigestiftelsen for å byggje løypa. Den har kosta til saman 1,1 million kroner.

– No blir løypa mykje mjukare og betre å sykle på enn før, seier Fasting.

Steinar Ytrehus som er ein av dei som har vore med på å byggje løypa seier at dei har kosa seg med arbeidet.

– Det er veldig morosamt. Vi er ute så mykje vi kan i skogen, byggjer mykje og syklar mykje. Det er nesten like morosamt å byggje. Vi finn linjer og flyt i terrenget. Så er det sosialt med mange gode kameratar, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %