Hopp til innhold

– Mange får karakter «lite godt» i oppførsel

Ei rekkje personar som ikkje klarte å oppføre seg vart bortvist frå Kristiansand sentrum natt til søndag.

Sjølv summerte opp politiet sin operasjonsleiar Ingrid Mæhre natta på følgjande måte:

Ingrid T. Mæhre

Operasjonsleiar i politiet, Ingrid Mæhre.

Foto: Martin Holvik / NRK

– Mange personar får karakter «lite godt» i oppførsel.

Tidlegare denne veka vart det kjent at politiet no har moglegheit til å stenge ute bråkmakarar frå sentrum.

Folk som gjentekne gonger lagar bråk kan bli utestengde frå sentrum i inntil tre månader i helgene.

Her er politiloggen:

05.17 Arendal: Politiet rykte ut for å dempe høg musikk i eit hus.

05.12 Kristiansand: Ein bilførar er mistenkt for ruskøyring. Førarkortet vart beslaglagt då føraren vart stoppa i Sørlandsparken.

03.26 Lyngdal: Ein førar vart pålagt eit førelegg fordi han hadde for mange passasjerar i bilen.

03.16 Kristiansand: Ein person som utløyste brannalarmen på Yess Hotell i Kristiansand vart pågripen og sett i arresten.

02.19 Arendal: To personar vart i natt arresterte mistenkt for å ha rana til seg ein bil i Arendal. Dei to skal ha truga føraren før dei stakk frå staden. Dei to vart arresterte etter kort tid.

02.32 Kristiansand: To personar vart arresterte fordi dei nekta å følgje pålegg frå politiet.

02.28 Kristiansand: To personar vart vist bort frå sentrum.

02.07 Kristiansand: Ein person vart vist bort frå sentrum.

01.50 Kristiansand: Ein person politiet beskriv som kranglete, rusa og vanskeleg vart sett i arresten.

01.47 Arendal: Ein person fall i vatnet i Pollen. Personen fekk helsesjekk etter hendinga.

01.37 Kristiansand: Politiet vart varsla om eit mogleg innbrot på Lund. Det viste seg å vere ein særs rusa mann som hadde bomma på ei inngangsdør.

01.02 Arendal: Ein person vart sett i arresten etter å ha oppført seg trugande og vanskeleg på ein utestad. Personen er også meld for vald mot politiet.

01.01 Kristiansand: Ein person som ikkje klarte å oppføre seg på ein utestad vart sett i arresten.

00.51 Kristiansand: Ein person vart vist bort frå sentrum.

00.46 Kristiansand: Ein person vart i natt sett i arresten i Kristiansand etter å ha bite ei dørvakt. Politiet rykte ut etter melding om slåsting på utestaden.

00.41 Flekkefjord: Ein person vart vist bort frå sentrum resten av natta etter å ha oppført seg trugande og vanskeleg på ein utestad.

00.32 Grimstad: Ein person vart sett i arresten etter å ha laga bråk.

00.30 Bykle: Ein person vart teken for køyring utan gyldig førarkort. Personen skal også ha vore rusa.

00.26 Kristiansand: Ein person vart sett i arresten etter å ha oppført seg trugande og vanskeleg på ein utestad.

00.10 Arendal: Ein person skal ha blitt slått ned i sentrum. Personen vart send til legevakta. Hendinga er meld til politiet.

00.02 Grimstad: Ein person er vist bort frå Grimstad fram til måndag etter å ha laga bråk på ein utestad.

23.59 Bykle: Ein rusa og kranglete person vart sette i arresten. Personen er også meld for å bere kniv på offentleg stad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %