Hopp til innhold

Fleire tusen sauer kom aldri heim

Over 8 prosent av lamma som vart sleppt på beite i fjor kom aldri tilbake. Totalt mangla 2603 sauer og lam etter sauesankinga i Vest-Agder i fjor haust.

Sau på sommeferie

SAUETAP: Over 2500 sauer og lam kom aldri heim frå sommarbeitet i Vest-Agder. (Arkivfoto)

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Det viser ferske tal frå fylkesmannen i Vest-Agder.

Totalt vart det sleppt ut 22 104 lam på beite i Vest-Agder. 8,4 prosent av lamma kom ikkje heim frå sommarbeite, noko som tilsvarar 1857 lam.

Større tap i 2010

Totalt 13 813 sauer var sleppt på beite. 746 sauer er meldt tapt, ifølgje fylkesmannen.

Dersom ein samanliknar fjorårets tal med 2009, er det meldt inn større tap i 2010. I 2010 vart det meldt inn under 7 prosent tap av lam, medan det vart meldt inn under fire prosent tapte sauer.

Ulven herja

– Tapsårsakene kan vere mange både kjende og ukjende. I år er det dokumentert større tap på grunn av ulv i Årseral, men også generelt er tapa i beitelaga høgare enn i fjor, heiter det på fylkesmannen sine nettsider.

– Ander årsaker til tap kan vere rev, gaupe, flått, flugemakk, giftige plantar og drukning i bekkar og myrhol, står det vidare.

Tapsprosent for sau og lam (Vest-Agder 1997-2010)

TAP: Statistikk frå fylkesmannen viser fleire tapte sauer og lam i fjor samanlikna med året før.

Foto: Fylkesmannen i Vest-Agder
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %