Hopp til innhold

Tøffe fiskarar var aldri engstelege: – Skulle gjerne ha fått vaska av litt måkeskit

Rekefiskar Ole Simonsen hadde akkurat lagt frå kai i Grimstad då han såg tre skypumper ute på sjøen. Fiskaren skulle ønske han var nærare.

– Det første eg tenkte var at vi skulle ha køyrt ut for å få vaska vekk litt måkeskit på trålen, seier fiskar Ole Simonsen til NRK.

Det var i 9.30-tida dei første meldingane tikka inn til NRK om enorme skypumper utanfor Arendal.

Seinare vart skypumpene observert både i Grimstad og Lillesand.

– Berre å spenne seg fast

Simonsen er trygg på at fiskebåten han ville ha tolt kreftene, dersom dei hadde komme inn i ei av skypumpene.

– Vi har vore ute ei vinternatt tidlegare, vi. Men med ein mindre båt ville eg nok ha halde meg unna. Men båten min skulle ha tolt det fint. Det er berre om å gjere å spenne seg fast, seier han.

Gjennom mange år som fiskar har han aldri opplevd maken tidlegare.

– Eg har sett mange små skypumper opp gjennom åra. Dei har vore små og puslete. Men spesielt den eine vi såg i dag, var veldig stor, seier han.

Mange telefonar

Mange ringde NRK då dei såg dei gigantiske skypumpene dukke opp utanfor Arendal, Grimstad og Lillesand. Alle NRK har snakka med let seg fascinere av naturfenomenet.

Også statsmeteorolog Arild Mentzoni vart imponert då han fekk sjå bilete av skypumpene.

– Det er ikkje uvanleg at vi har det vi kallar skypumper her i landet sommartid. Men dei er ofte ikkje så kraftige som det ser ut til på desse bileta her, seier statsmeteorologen.

Espen Bierud i Havforskningsinstituttet fikk fanget en stor skypumpe med kameraet sitt.
Se naturfenomenet i Arendal

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %