Hopp til innhold

Fiskå går for siger i finalen

Fiskå skole frå Kristiansand sikra finalebillett då dei slo Karuss skole i den lokale finalen.

Fiskå skole i Klassequizen

Svein Åmdal, Ove Kristian Jørgensen og Ragnhild Misje skal representere Vest-Agder og Fiskå skole i den nasjonale finalen i Klassequizen.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK

Dermed er det Fiskå som skal representere Vest-Agder i den nasjonale i finalen 4. mai. Finalen vert sendt på NRK1.

Det var Svein Åmdal, Ove Kristian Jørgensen og Ragnhild Misje som representerte skulen frå Kristiansand.

– Deilig å slå Karuss

– No går vi for siger. Det trur vi ver mogleg, seier dei.

Svein Åmdal meiner det viktigaste var å slå Karuss enn å sikre finalebillett.

– Vi er to rivaliserande skular. Vi har tapt nokre slag og vunne nokre. Det var spesielt deilig å vinne i dag når det stod så mykje på spel, seier han.

– Personleg tykkjer eg det er deiligare å slå Karuss enn å gå til finalen. Det hadde ikkje vore det sam å slå eit anna lag her, seier han.

No skal dei førebu seg til TV-send finale i Oslo i mai.

Trur på siger

– Det blir veldig spennande. Det er alltid gøy å ta ein tur til Oslo. Men eg hadde aldri trudd at vi skulle komme så langt. Dette er veldig gøy, seier Ove Kristian.

Ragnhild har tru på at dei kan gjere det godt også i den nasjonale finalen.

– Når vi har komme så langt er alt mogleg, seier ho.

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,57 kr
Dyrest kl. 19 0,62 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %