Hopp til innhold

Fem til sjukehus etter ulykke på E39

Fem personar er sende til sjukehus med luftambulanse og ambulanse etter ei trafikkulykke på E39 i Mandal.

Ulykke på Ime i Mandal

Fem av dei seks personane som vart skada i ulykka er lettare skada.

Foto: Ronny Blix

Ifølgje Fædrelandsvennen er tre av desse barn.

Fire av dei fem vart sende til sjukehus med ambulanse, medan den siste vart send til sjukehus med luftambulanse.

Sørlandet sykehus opplyser fredag ettermiddag at dei fem personane er lettare skada.

Ein person er fråteken førarkortet etter ulykka.

Ulykke i Mandal

Både politi, ambulansar og luftambulanse er på staden.

Foto: Ronny Blix

Vegen var stengt i kring ein time som følgje av ulykka. Det var omkøyring via fylkesveg 455.

Fire bilar var involvert i ulykka som skjedde aust for Ime ved 15.30-tida fredag ettermiddag.

Det heile starta med at ein bil skulle svinge av E39. Ein campingbil som kom bak oppdaga ikkje dette og kasta seg på bremsen. Den fremste bilen klarte å svinge unna og unngå å bli treft.

Men bak campingbilen kom ein annan bil som ikkje klarte å stoppe. Den sneia borti campingbilen og svinga deretter ut i motsett køyrfelt der den trefte ein annan bil.

To personar er sende til sjukehus med luftambulanse og ambulanse etter ei trafikkulykke på E39 i Mandal.

Foto: Ronny Blix

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %