Hopp til innhold

Felte 14 tre - må betale 400 000 i erstatning

Ein hytteeigar i Søgne som felte 14 tre på naboeigedommen må betale 400 000 kroner i erstatning. Det har Høgsterett bestemt.

I tingretten vart mannen dømd til å betale 800 000 kroner i erstatning for å ha felt dei 14 furutrea.

Tomta tilhøyrer Fiskaa funksjonærforening. Han skal også ha fjerna toppen på fem andre tre for å få betre utsikt mot sjøen.

Hevda han hadde fått løyve

Mannen hevda at han hadde fått munnleg løyve til å felle trea. Dette nekta funksjonærforeininga for.

Fellinga skjedde sommaren 2012 i samband med at han la ut hytta til sal for 5,9 millionar kroner.

Søgne-mannen anka saka til lagmannsretten der han vart dømd til å betale 600 000 kroner. No har altså Høgsterett bestemt at han skal betale 400 000 i erstatning til foreininga.

Trea som vart felt skal ha vore mellom sju og ti meter høge. Dei skal ha vore mellom 40 og 90 år gamle.

Rydda ikkje opp

Mannen skal heller ikkje ha rydda opp etter fellinga. Greiner og tømmerstokkar skal ha blitt fjerna av hytteforeininga sine folk.

Høgsterett grunnar erstatninga mellom anna med at Fiskaa funksjonærforening skal ha moglegheit til å kjøpe inn og plante nye tre.

Sørlendingen må også betale sakskostnader for behandling i tingretten på nesten 140 000 kroner.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %