Hopp til innhold

Tre personar pågripne etter at mann vart bortført

Politiet har arrestert fleire personar etter det som truleg dreier seg om eit mogleg bortføringsforsøk i Kristiansand.

mCZaVSHHG74

Politifolk utanfor politistasjonen i Kristiansand tysdag ettermiddag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Det vart slått alarm etter at politiet fekk melding om mogleg bortføring like før klokka halv ti tysdag føremiddag.

Meldinga gjekk på at ein person kan ha blitt teke med i ein bil mot si vilje.

– Vi har søkt etter personen gjennom dagen, og i ettermiddag fekk vi kontroll på vedkommande vi lette etter på ei adresse i Kristiansand. Han er ikkje skadd og vil bli avhøyrt for å få klarhet i kva som har skjedd, seier stabssjef Morten Sjustøl.

Både beredskapstroppen og eit politihelikopter frå Oslo bisto Agder-politiet heile tysdag ettermiddag. Helikopteret vart observert fleire stader i kristiansandsområdet.

– Tidleg på dagen framstod situasjonen som uavklart. Vi visste ikkje heilt kva scenarioer vi kunne stå overfor. Difor er det nyttig å ha relevante ressursar på plass, dersom saka skulle ha utvikla seg i ei anna retning, seier han.

– Kva retning var det de frykta?

– I og med at det kunne vere ei bortføringssak var det scenarioet vi såg føre oss. Det er det etterforskinga no skal vise om har funne stad eller ikkje, seier Sjustøl.

Tre personar er no sikta i saka.

Omringa nabohus

Politiet har oppsøkt ei rekkje adresser i samband med aksjonen. Ei kvinne fekk blant anna politiet heim i si eiga stove.

– Det var ein politimann her som lurte på om eg hadde utsikt mot naboen. Det har eg jo, så han kom inn og sat her i over ein time og såg mot naboen, seier ho til NRK.

Ho beskriv ein situasjon der politiet omringa eitt av nabohusa. Politiet skal ha vore der i over ein time.

– Det skjer veldig mykje i det huset. Det er masse folk inn og ut. Så eg er jo ikkje overraska over at politiet kjem på døra, seier ho.

Dame

Kristiansandskvinna fekk politiet inn i stova i samband med aksjonen der beredskapstroppen og politihelikopteret assisterer Agder-politiet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Gisselaksjon

Både beredskapstroppen og politihelikopteret har assistert Agder-politiet aksjonen tysdag.

Det skal også ha vore ein gisselaksjon der ei det har vore våpen involvert. Det kan vere snakk om eit narkotikarelatert oppgjer.

– Politiet fekk i føremiddag ei melding som gjorde at vi ynskte å førebu oss på ulike eventualitetar, opplyste operasjonssentralen i Agder-politiet tysdag ettermiddag.

Dei opplyste også at det ikkje har vore nokon «spesiell dramatikk».

Snakka i kodar

Politimannen som kom inn i huset til kristiansandskvinna snakka i «kodespråk» over sambandet, fortel ho.

– Det vart sagt raud, grøn og svart. Det gjekk i kodar som eg ikkje forstod noko av. Men det var tydeleg at dei følgde med alle inngangar til eit av nabohusa, seier ho.

– Snakka du med politimannen?

– Eg forsøkte å stille fleire spørsmål, for eg er jo nysgjerrig på kva som skjer. Men han svara ikkje på noko eg spurte om, seier ho.

– Var det ei skremmande oppleving då det var uavklart og gisselsituasjon?

– Eg var jo litt uroa. Det stod jo på nettet at det ikkje var fare for befolkninga. Det var sprøtt, men eg stolte på det, seier ho.

Politihelikopteret på Odderøya i Kristiansand tysdag ettermiddag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %